Høge Tatra
Høge Tatra (slovakisk og tsjekkisk Vysoké Tatry, polsk Tatry Wysokie) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovakia og Polen. Dei er ein del av Dei austlege Tatrafjella.
Høge Tatra | |||
fjell | |||
Panorama av Høge Tatra, fjella frå venstre til høgre: Gerlachovský štít, Batizovský štít, Kačací štít, Končistá, Gánok, Vysoká og Rysy
| |||
Land | Slovakia, Polen | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei austlege Tatrafjella | ||
Høgd | Gerlachovský štít, 2 655 moh. | ||
Høge Tatra 49°10′00″N 20°08′00″E / 49.166666666667°N 20.133333333333°E | |||
Plasseringa til Høge Tatra i Slovakia og Polen.
| |||
Wikimedia Commons: High Tatra Mountains |
Skildring
endreHøge Tatra har 11 toppar utan 2500 meter over havet er i lag med Dei sørlege Karpatane dei einaste fjella med alpin karakter i heile Karpatane, som har ei lengd på 1200 km.
Den største delen og alle dei høgaste toppane ligg i Slovakia. Den høgaste toppen er Gerlachovský štít på 2655 moh. Mange sjeldne og endemiske dyr- og planteartar finst i Høge Tatra, i tillegg til store rovdyr som bjørn, gaupe, mår, ulv og rev.
Området er ein kjend vintersportstad. Av skistader finn ein Štrbské pleso, Starý Smokovec og Tatranská Lomnica i Slovakia og Zakopane i Polen. Byen Poprad er inngangen til dei slovakiske feriestadane.
Den første europeiske nasjonalparken som kryssa landegrenser vart grunnlagd her, Tatra nasjonapark eller Tatranský národný park i Slovakia i 1948 og Tatrzański Park Narodowy i Polen i 1954.
Fjelltoppar
endreHøgaste toppar
endreDei femten høgaste toppane i Høge Tatra, alle i Slovakia, er:[1]
Fjelltoppar | Høgd (m) |
---|---|
Gerlachovský štít | 2655 |
Gerlachovská veža | 2642 |
Lomnický štít | 2633 |
Ľadový štít | 2627 |
Pyšný štít | 2623 |
Zadný Gerlach | 2616 |
Lavínový štít | 2606 |
Malý Ľadový štít | 2602 |
Kotlový štít | 2601 |
Lavínová veža | 2600 |
Malý pyšný štít | 2591 |
Veľká Litvorová veža | 2581 |
Strapatá veža | 2565 |
Kežmarský štít | 2556 |
Vysoká | 2547 |
Kjende toppar
endreFjellvatn
endre- Morskie Oko - 1395 moh, 51 m djup
- Czarny Staw pod Rysami - 1583 m, 76 m djup.
- Wielki Staw Polski - 1664 m, 79 m djup.
- Štrbské pleso - 1347 m, 20 m djup.
- Veľké Hincovo pleso - 1945 m, 54 m djup.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «High Tatras» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2008.
- ↑ «Najvyššie pohoria Slovenska» (på slovakisk). Matej Lednár. 2003. Henta 2. juni 2007.
- The Tatras: High, Western, Bela's (1:50,000 hiking map) BBKart/Marco Polo 2005.
Bakgrunnsstoff
endreImages: