Grunnfjell er den opphavlege bergarten som ligg under overflata på ein planet, vanlegvis jorda. Over grunnfjellet ligg vanlegvis eit lag med laus og forvitra stein i djupare jordlag. Overflatiske førekomstar (òg kjend som avvik) kan vere særs tjukke, slik at grunnfjellet ligg fleire hundre meter under overflata.[1]

Jord med frambrot av grunnfjell i Sandside Bay i Caithness.

Tidlegare trudde ein at grunnfjellet var den opphavlege størkningsskorpa til jorda, men no trur ein at dei eldste kjende grunnfjellsbergartane vart danna ved overflata til jorda og seinare omdanna under høgt trykk og høg temperatur i dei djupare delane av jordskorpa. Dei vanlegaste grunnfjellsbergartane er granitt, gneis, gabbro og amfibolitt. Grunnfjellet kan forvitrast under den øvre overflata og verte forvitra fjell

I norsk samanheng vert grunnfjell nesten berre nytta om bergartar danna i prekambrium. I Noreg er grunnfjellet særs utbreidd. Kjerneområda til kontinenta, det prekambriske skjoldet , består av grunnfjell.

Kjelder

endre