Gorno-Altajsk
Gorno-Altajsk (russisk Го́рно-Алта́йск) er hovudstaden i Republikken Altaj i Russland og har om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg 3 641 km aust for Moskva.
Gorno-Altajsk Горно-Алтайск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Republikken Altaj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1830 1928 | ||
Borgarmeister | Viktor Oblogin | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
91 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
54 314 596,9 /km² | ||
Koordinatar | 51°57′00″N 85°58′00″E / 51.95000°N 85.96667°E | ||
Høgd over havet | 300 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 649500–649007 | ||
Retningsnummer (tlf) | ( 7)38822 | ||
Nettstad: www.gornoaltaysk.ru |
Gorno-Altajsk er den einaste byen i republikken og ligg i den tronge Majmadalen ved foten av Altajfjella. Russisk-ortodokse misjonærar som kom til dalen i 1830 snubla over den vesle busetnaden Ulala, som på den tid bestod av nitten innfødde og tre russiske familiar. Neste år vart Ulala vald som staden for det første ortodokse misjonsstasjonen i Altaj og russiske nybyggjarar starta å flytte til landsbyen.
Då Ojrot autonome oblast vart oppretta i 1922 vart Ulala hovudstaden her. I 1928 fekk landsbyen status som by og i 1932 vart namnet endra til Ojrot-Tura. I 1948 innsåg dei sovjetiske styresmaktene omsider at dei innfødde stammene i området faktisk ikkje kalla seg sjølv for ojrotar og namnet på republikken vart endra til Gorno-Altaj autonome oblast (dvs. Fjell-Altaj autonome oblast) og med dette kom namnet på hovudstaden.
Gorno-Altajsk har ein del spreidd industri, Gorno-Altajsk lufthamn, eit teater, eit universitet og eit regionalt museum. Næraste jernbanestasjon er i Bijsk, 96 km unna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gorno-Altajsk» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.