Galatisk
Galatisk er eit utdøydd keltisk språk. Det blei bruka i Galatia i Litleasia (nåtidas Tyrkia) frå 200-talet til 400-talet e.Kr.
Galatisk | ||
Klassifisering | Keltisk | |
Bruk | ||
Tala i | ||
Område | Galatia | |
Galatisktalande i alt | Utdøydd | |
Rangering | Utdøydd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | xga |
Det er berre nokre få ord og kommentarar frå klassiske forfattarar og spreidde namn på inskripsjonar som er kjent i dag. Dette er til saman om lag 120 ord, for det meste personnamn som endar på -riks (samanlikn med gallisk -rix/-reix, gammalirsk ri, latin rex) «konge», nokon endingar på -marus, dativ -mari (jfr. gallisk -maros, gammalirsk mor, walisisk mawr) «stor», og stammenamn som Ambitouti (gammalirsk imm- «rundt», gammalirsk tuath «stamme»), og eit leksikonoppslag drunaimeton «samlingsstad» (jfr. gammalirsk drui «druide», «trollmann» eller «diktar» , gammalirsk neimed «heilag stad»). Galatisk høyrer til den kontinentale greina av keltisk og var samtidig med gallisk språk, eventuelt ein variant av det.
Kjelder
endre- Artikkel på engelsk wikipedia: en:Galatian_language