Forint (HUF) er mynteininga nytta i Ungarn. Ein forint består av 100 fillér, men grunna forinten sin låge verdi har ikkje fillér-myntar vore i sirkulasjon sidan 1999.

Namnet på mynten kjem frå den italienske byen Firenze, der gullmyntar kalla fiorino d'oro vart prega sidan 1252. I Ungarn nytta dei opphavleg namnet florentius på myntane. Då Austerrike-Ungarn oppstod vart forint namnet den ungarske delen av folket nytta på mynteininga, medan dei på tysk vart kalla austerriksk-ungarske gülden, eller austerrikske florin, som bestod av 100 krajczár.

Avhengig av den økonomiske situasjonen i Ungarn skal bruken av forint fasast ut i perioden 2010-2012, og erstattast med euro.

I januar 2008 tilsvarte 100 HUF om lag 3,20 NOK.

Ungarske myntar

endre

1989 - ..

endre