Evi Sachenbacher-Stehle
Evi Sachenbacher-Stehle (fødd 27. november 1980) er ein tysk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Traunstein. Ho vann OL-gull i 4 x 5 km stafett i 2002 og i lagsprint i 2010, og vann VM-gull i i 4 x 5 km stafett i 2002. Sachenbacher-Stehle sikra seg fem OL-medaljar og seks VM-medaljar i langrenn i tida 1999-2010.
Evi Sachenbacher-Stehle | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 27. november 1980 (44 år) Traunstein |
Idrett | skiskyting, langrenn |
Tok del i | cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – women's 4 × 5 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 4 × 5 kilometre relay, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Lagsprint kvinner, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Karriere
endreLangrenn
endreAtten år gamle Sachenbacher deltok på det tyske stafettlaget som fekk bronse i Ski-VM 1999. To år seinare vann ho ei sprinttevling i verdscupen i heimlegeGarmisch-Partenkirchen. Sidan i karrieren sigra ho i to verdscuprenn; ein 5-km i Kiruna i november 2002 og ein 10-km i Falun i mars 2006.
Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City sikra Sachenbacher seg sølvmedaljen i sprintøvinga framfor norske Anita Moen, begge var slått av russiske Julija Tsjepalova. To dagar seinare slo Sachenbacher på ny Moen då det gjaldt innspurten i 4 x 5 km stafett, og gav slik Tyskland ei høgst overraskande gullmedalje, dei andre på vinnarlaget var Manuela Henkel, Viola Bauer og Claudia Künzel. Den same kvartetten vart året etter også verdsmeistrar i 4 x 5 km stafett. Elles i Ski-VM 2003 kneip Sachenbacher sølvmedaljen på jaktstarten.
Sachenbacher-Stehle var med på alle dei tyske laga i 4 x 5 km stafett som kom på sølvplass ved både Vinter-OL 2006, ski-VM 2007 og 2009, samt Vinter-OL 2010. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 tok ho også ein sølvmedalje på lagsprinten, i spann med Claudia Künzel. Tre år etter Sapporo-VM vart dei to olympiske meistrar i lagsprint då vinterleikane 2010 vart arrangert ved Vancouver.
Skiskyting
endreSesongane 2013 og -14 satsa Sachenbacher-Stehle på skiskyting og fekk plass på Tyskland sitt landslag i skiskyting. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji kom ho på fellesstarten i mål som nummer fire, men fire dagar etter tevlinga vart ho diskvalifisert då urinprøva viste spor av det forbodne stoffet metylheksanamin. Ho slutta då med konkurranse-idrett.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Ski-VM 1999 i Ramsau: Bronsemedalje i 4 x 5 km stafett
- Ski-VM 2001 i Lahti: Nr 4 i 4 x 5 km stafett
- Vinter-OL 2002 i Salt Lake City: Gull i 4 x 5 km stafett og sølv i sprinttevlinga
- Ski-VM 2003 i Val di Fiemme: Gull i 4 x 5 km stafett, sølv på 10 km jaktstart, nr 5 i sprint og nr 6 på 30 km
- Ski-VM 2005 i Oberstdorf: Nr 4 i 4 x 5 km stafett og nr 18 på 10 km
- Vinter-OL 2006 i Torino: Sølvmedalje i 4 x 5 km stafett og nr 5 i lagsprint
- Ski-VM 2007 i Sapporo: Sølvmedalje både i lagsprint og i 4 x 5 km stafett, nr 4 på 15 km og nr 6 på 10 km
- Ski-VM 2009 i Liberec: Sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, nr 10 på 15 km
- Vinter-OL 2010 i Vancouver: Gullmedalje i lagsprint, sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, nr 4 på 30 km
- Ski-VM 2011 i Oslo: Nr 13 både på 15 km og 30 km
- Vinter-OL 2014 i Sotsji: Nr 4 i mixstafett
I tida 2003 til 2014 var Sachenbacher-Stehle med på å vinne fire stafettar og tre lagsprintar i langrenn, og to ordinære stafettar i skiskyting.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «de:» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2017.