Enstatitt er eit rombisk pyroksenmineral som består av magnesiumsilikat, Mg2Si2O6, ofte med ein del jarn (jfr. bronzitt og hypersthen). Mineralet er fargelaust, gulaktig, grønleg eller brunleg og finst i mange ulike bergartar (mafiske og ultramafiske magmatiske bergartar, ein del høgmetamorfe bergartar og meteorittar).

Enstatitt

Generelt
KategoriInosilikat
Kjemisk formelMgSiO3
Strunz-klassifisering09.DA.05
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal
H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P bca
Einingscellea = 18.23 Å, b = 8.84 Å, c = 5.19 Å; Z = 8
Identifikasjon
FargeKvit, grå, grøn, gul eller brun - fargelaus i tynne delar.
Krystallformprismatisk krystallar, vanlegvis lamellert, trådaktig, eller massiv
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingEnkel and lamellert på [100]
Kløyvgod/tydeleg på [210]
BrotUjamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5 til 6
Glansglasaktig, perleaktig på kløyv
Strekfargegrå
TransparensGjennomskinneleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt3.2–3.3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa ( )
Brytingsindeksnα = 1.650–1.668; nβ = 1.652–1.673; nγ = 1.659–1.679
Dobbeltbrytingδ = 0.009–0.011
Pleokroismebleik grøn til bleik oransje
2V-vinkel55–90°
Kjelder[1][2][3]

Særleg store krystall er kjent frå apatittgangar i Bamble og i olivinsteinsførekomstarSunnmøre og i Nordfjord. Namnet kjem av at mineralet står i mot varme.

Kjelder

endre
  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Enstatitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/enstatitt.
  1. Handbook of Mineralogi
  2. Mindat
  3. Webmineral data