Edinson Cavani
uruguayansk fotballspelar
Edinson Roberto Cavani Gómez (fødd 14. februar 1987 i Salto) er ein uruguayansk fotballspelar som i 2018 spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og for Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Danubio i 2006 og i Frankrike med PSG i 2014, 2015 og 2016. 6. februar 2008 debuterte han for A-landslaget i ein kamp mot Colombia, der han skåra eitt mål. I 2011 var han med på å vinna Copa América med Uruguay. I 2010/11-sesongen vart han Napoli sin toppskårar i Serie A med 26 seriemål, og i 2012/13-sesongen vart han toppskårar i Serie A, med 29 mål. I 2016/17-sesongen vart han toppskårar i Ligue 1 for PSG.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Edinson Roberto Cavani Gómez | ||
Fødd | 14. februar 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Salto | ||
Høgd | 184 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Paris Saint-Germain | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2000-06 | Danubio | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2006-07 2007-10 2010-13 2013- |
Danubio Palermo Napoli Paris Saint-Germain |
25 (9) 109 (34) 104 (78) 158 (112) | |
Landslag | |||
2012 2008- |
Uruguay OL-lag Uruguay |
5 (3) 98 (40) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. februar 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2017 |
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Edinson Cavani – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.