Dyrekrinsen
(Omdirigert frå Dyrekretsen)
Dyrekrinsen eller zodiaken viser til eit tenkt belte av stjerneteikn som går rundt jorda langs ekliptikken. Dei fleste stjerneteikna har namn etter dyr. Omgrepet blir brukt innan astrologi, der kvart stjerneteikn skal ha særskilde eigenskapar.
Inndeling
endreDei tolv stjerneteikna i Dyrekrinsen er:
- Vêren (Aries) 21. mars - 20. april
- Tyren (Taurus) 21. april - 20. mai
- Tvillingane (Gemini) 21. mai - 21. juni
- Krepsen (Cancer) 22. juni - 23. juli
- Løva (Leo) 24. juli - 23. august
- Jomfrua (Virgo) 24. august - 22. september
- Vekta (Libra) 23. september - 21. oktober
- Skorpionen (Scorpio) 22. oktober - 21. november
- Skyttaren (Sagittarius) 22. november - 21. desember
- Steinbukken (Capricorn) 22. desember - 19. januar
- Vassmannen (Aquarius) 20. januar - 19. februar
- Fiskane (Pisces) 20. februar - 20. mars
Stjerneteikna er delte inn i fire grupper som svarer til dei fire elementa frå gresk antikk. Teikna knytte til eld er Vêren, Løva og Skyttaren, dei knytte til jord er Tyren, Jomfrua og Steinbukken, dei til luft er Tvillingane, Vekta og Vassmannen, og dei til vatn er Krepsen, Skorpionen og Fiskane.
Sjå også
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dyrekretsen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dyrekrinsen