Drakesundet (spansk Mar de Hoces, 'Hoceshavet') er sundet mellom sørtuppen av Sør-Amerika ved Kapp Horn i Chile og Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det knyter saman den sørvestlege delen av Atlanterhavet (Scotiahavet) og den søraustlege delen av Stillehavet og strekkjer seg inn i Sørishavet. Sundet har fått namn etter den engelske kaperen sir Francis Drake. Det gjenverande skipet til Drake, etter å ha segla gjennom Magellansundet, vart fanga av vinden og blese sørover i september 1578. Dette indikerte ope farvatn mellom Atlanterhavet og Stillehavet.

Drakesundet
sund
Drakesundet med grensepunkta A, B, C, D, E og F i følgje freds- og venskapsavtalen mellom Chile og Argentina av 1984.
Land  Chile
Del av Sørishavet
Koordinatar 58°34′49″S 62°54′34″W / 58.58028°S 62.90944°W / -58.58028; -62.90944
Kart
Drakesundet
58°34′49″S 62°54′34″W / 58.580277777778°S 62.909444444444°W / -58.580277777778; -62.909444444444
Djupneprofil med saltinnhald og temperatur for overflatevatnet.
Djupneprofil med saltinnhald og temperatur for overflatevatnet.
Djupneprofil med saltinnhald og temperatur for overflatevatnet.
Wikimedia Commons: Drake Passage

50 år seinare, då eit uvêr hadde blese dei sør for innløpet til Magellansundet, meinte mannskapet til den spanske sjøfararen Francisco de Hoces at dei hadde sett land og dermed oppdaga dei mogelegeins sundet i 1525.[1] På grunn av dette nytta som spanske og latinamerikanske historikarar og kjelder namnet Mar de Hoces etter Francisco de Hoces.

Den første dokumenterte reisa gjennom sundet vart gjort av «Eendracht», med nederlendaren Willem Schouten som kaptein i 1616. På same reisa gav han man til Kapp Horn.

Det 800 km breide sundet mellom Kapp Horn og Livingston Island er den kortaste vegen over til Antarktis frå landområde andre stader i verda. Grensa mellom Atlanterhavet og Stillehavet vert stundom dregen langs ei linje frå Kapp Horn til Snow Island, 130 km nord for fastlandet i Antarktis. Alternativt vert meridianen som går gjennom Kapp Horn nytta som grense. Begge grensene ligg heilt innanfor Drakesundet.

Dei to andre passasjane kring Kapp Horn, Magellansundet og Beaglekanalen, er særs smale og vanskeleg å navigere gjennom, særleg for seglskip. Dei kan òg verte isdekte og stundom bles vinden så kraftig at seglskip ikkje kan gå framover. Derfor føretrekte dei fleste seglskipa å segle gjennom Drakesundet trass i særs røffe vêrtilhøve og ope farvatn i fleire hundre kilometer. Dei vesle Diego Ramírez-øyane ligg kring 50 km sør for Kapp Horn.

Det finst ikkje noko landområde noko stad i verda på breiddegradene som Drakesundet dekkjer og den kraftige Sørishavsstraumen går derfor unhindra gjennom sundet og fører med seg enorme mengder vatn (kring 600 gonger så mykje som Amazonaselva) gjennom sundet og rundt Antarktis.

Det er ofte mogeleg å sjå kval, delfin og mange forskjellige sjøfuglar, som kjempepetrellar, andre petrellar, albatrossar og pingvinar, i sundet.

Sundet var lukka fram til kring 41 millionar år sidan[2] i følgje ein kjemisk studie av fisketenner ein har funne i sedimentære bergartar i havområda her. Før sundet opna seg var Atlanterhavet og Stillehavet fråskilde og Antarktis var alngt varmare og utan iskappa. Då dei to havområda vart slått saman starta Sørishavsstraumen og avkjølinga av kontinentet starta.

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Oyarzun, Javier, Expediciones españolas al Estrecho de Magallanes y Tierra de Fuego, 1976, Madrid: Ediciones Cultura Hispánica ISBN 84-7232-130-4
  2. Helen Briggs (21 April 2006). «Fossil gives clue to big chill». BBC News. Henta 1. november 2007. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drakesundet