Den italienske halvøya

Den italienske halvøya eller Den appenninske halvøya (italiensk Penisola italiana eller Penisola appenninica) er ei av dei største halvøyane i Europa og strekkjer seg 1000 km frå Alpane i nord og sørover i sentrale område av Middelhavet. Halvøya er kjend for å vere forma som ein støvel (kalla Lo Stivale på italiensk).

Satellittbilete av Den italienske halvøya om våren

Nesten heile halvøya er ein del av Italia, bortsett frå to små område, San Marino og Vatikanstaten, som er sjølvstendige, i tillegg til ein liten del av Sveits.

Halvøya grensar til Liguriahavet og Tyrrenhavet i vest, til Det joniske havet i sør og Adriahavet i aust. Dei indre områda består av fjellkjeda Appenninane, medan dei nordlege områda stort sett består av store sletter. Kysten er kupert med høge klipper.

Av naturressursar på halvøya finn ein petroleum.

Halvøya har stort sett middelhavsklima, men i indre område kan det verte kontinentalt. Den naturlege vegetasjonen består av krattskog, lauvskog og blanding av lauv- og barskog.

Kjelder

endre