Banja Luka
Banja Luka eller Banjaluka (kyrillisk Бања Лука) er ein kommune og den største byen og de facto hovudstad i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2] Banja Luka er òg den nest største byen i heile Bosnia-Hercegovina med om lag 140 000 innbyggjarar i sjølve byen og vel 185 000 i heile kommunen. Byen var kjend i det tidlegare Jugoslavia for å vere ein by full av trefeltsgater, hagar og parkar. Byen hyser Universitetet i Banja Luka, eit av to universitet i Republika Srpska.
Banja Luka Бања Лука | |||
by | |||
Katedralen i Banja Luka
| |||
|
|||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Del av | Den bosniske serbarrepublikken | ||
Areal | 1 238,89 km² | ||
Folketal | 185 042 (2013[1]) | ||
• by | 138 963 | ||
Tidssone | CET (UTC 1) | ||
• Sommartid | CEST (UTC 2) | ||
Retningsnummer | 387 51 | ||
Banja Luka 44°46′21″N 17°11′33″E / 44.7725°N 17.1925°E | |||
Banja Luka innanfor Den bosniske serbarrepublikken
| |||
Wikimedia Commons: Banja Luka |
Banja Luka er hovudbyen i den geografiske regionen Bosanska Krajina nordvest i landet ved elva Vrbas. Byen ligg i Banjalukadalen i Dei dinariske Alpane, og områda rundt byen er skogkledde.
Historie
endreBanja Luka vart først nemnd i dokument i 1494, men ein har funne spor etter romerske busetnadar her, mellom anna den gamle festninga Kastel midt i byen. Slavarane slo seg ned her på 600-talet. Ein av dei første offentlege bygningane som vart bygd etter Kastel var eit fransiskanarkloster bygd i 1378 i naboområdet til Banja Luka. Det var først på midten av 1500-talet, som ein del av Det ottomanske riket, byen verkeleg utvikla seg då Ferhat Pasa Sokolovic bygde over 200 prosjekt frå handverkar- og salsbutikkar til kveitevarehus, bad og moskear, i tillegg til sanitæranlegg. I 1688 vart byen sett i brann av austerrikarar, men vart raskt bygd opp att, og Banja Luka vart etter kvart eit strategisk militærsenter. Byen vart derimot ikkje moderinisert før han kom inn under styret til Austerrike-Ungarn seint på 1800-talet.
Under Den andre verdskrigen vart byen okkupert av romersk-katolske kroatar (som var for nazistane), og serbiske og jødiske familiar i byen vart deporterte til nærliggande konsentrasjonsleirar.
I 1969 øydela eit kraftig jordskjelv mange bygningar i Banja Luka, mellom anna ein stor bygning kalla Titanik i midten av byen. Med hjelp frå resten av statane i Jugoslavia vart byen bygd opp att, men mange av dei gamle bygningane frå den ottomanske perioden var totalt øydelagde.
Det vart gjort store endringar i byen under Jugoslavia-krigane på 1990-talet. Enkelte kroatar og muslimar vart tekne til interneringsleirar, og alle moskeane som var bygde på 1400- og 1500-talet vart øydelagde, mellom anna Ferhadijamoskeen, som på den tida stod på UNESCO si verdsarvliste. Eit forsøk på å rekonstruere moskeen i 2001 førde til opprør av serbarane, og gateslagsmål mellom serbarar og bosniarar. Andre moskear er derimot oppførde på ny, og ein reknar med at ein i nær framtid skal få opp ein rekonstruksjon av Ferhadijmoskeen òg.
Administrativ posisjon
endreEtter konstitusjonen, etablert gjennom Daytonavtalen frå 1995,[2] er det Sarajevo som er hovudstaden i Den bosniske serbarrepublikken, men det er Banja Luka som fungerer som er sete for nasjonalforsamlinga i Den bosniske serbarrepublikken og andre hovudstadsfunksjonar, slik at byen er de facto hovudstad.
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Banja Luka | 143 079 | 138 963 |
Kuljani | 1 207 | 4 165 |
Šargovac | 1 313 | 3 079 |
Potkozarje | 4 577 | 3 067 |
Piskavica | 3 798 | 2 673 |
Motike | 2 009 | 2 515 |
Dragočaj | 2 578 | 2 371 |
Rekavice | 2 679 | 2 156 |
Priječani | 840 | 2 034 |
Kommunen Banja Luka | 195 692 | 185 042 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Banja Luka» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2007.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.