Aukra kyrkje
kyrkje i Aukra kommune i Møre og Romsdal
Aukra kyrkje står på Aukrasanden på Gossen i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei tømra åttekantkyrkje frå 1835.
Aukra kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Molde Domprosti | ||
Sokn | Aukra | ||
Fellesråd | Aukra | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1835 | ||
• Endringar | Påbygd i 1921 | ||
Takryttar | Midt over skipet | ||
Kyrkjegard | Rundt kyrkja | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Aukra kyrkje 62°47′27″N 6°55′01″E / 62.7907°N 6.917°E | |||
Wikimedia Commons: Aukra kirke |
Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard rundt kyrkja.
Historie
endreDet har vore kyrkje på Gossen sidan seinmellomalderen. Den fyrste Aukra-kyrkja var truleg ei stavkyrkje bygd i 1430-åra. Ho vart påbygd i 1648, men brann ned etter at lynet slo ned i henne i 1709. Ei ny tømra krosskyrkje stod ferdig i 1712. Ho fekk stå i 60 år før også ho brann ned etter lynnedslag i 1772. Likeins gjekk det med kyrkja som vart innvigd i 1774. Ho brann ned i 1834, og vart erstatta med kyrkja som no står.[1]
Kjelder
endre- Om Aukra kyrkje på nettstaden Kulturnett
- Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Aukra kyrkje», s. 314
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Aukra kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje]
- Nettstaden til Aukra kyrkjelyd
- Om Aukra kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket
- Aukra kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren