Afroamerikanarar

(Omdirigert frå Afro-amerikanar)

Afroamerikanarar (engelsk Afro-Americans), afrikansk-amerikanarar (African Americans) eller Black Americans viser til den folkesetnaden i USA som i større eller mindre grad stammar frå afrikanske folkegrupper med mørk hudfarge.[1] Dei fleste er etterkommarar etter afrikanske slavar som vart tekne til det amerikanske kontinentet under den transatlantiske slavehandelen.[2]

Fordelinga av rasar i USA ved folketeljinga i 2000. «Svarte», markert i mørkeraudt, utgjorde 12,3 %

«Black or African American» var den tredje største rasekategorien i USA (etter «White Americans» og «Hispanic and Latino Americans»).[3] Dei fleste afroamerikanarar stammar frå folk haldne som slavar innanfor ei noverande grensen til USA.[4][5] Vanlegvis har dei vest- eller sentralafrikansk og europeisk opphav, og nokre av dei stammar også frå amerikanske urfolk.[6] Ifølgje data frå U.S. Census Bureau identifiserer nye innvandrarar frå Afrika til USA seg som regel ikkje som afroamerikanarar, men etter den afrikanske etnisiteten sin (≈95 %).[7] Innvandarar frå nokre karibiske og latinamerikanske land og etterkomarane deira kan i nokre høve identifisera seg og i andre høve ikkje identifisera seg med omgrepet.[8]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. McKinnon, Jesse. «The Black Population: 2000 United States Census Bureau» (PDF). United States Census Bureau. Henta 22. oktober 2007. 
  2. «The size and regional distribution of the black population». Lewis Mumford Center. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 1. oktober 2007. 
  3. American FactFinder, United States Census Bureau. «United States – QT-P4. Race, Combinations of Two Races, and Not Hispanic or Latino: 2000». Factfinder.census.gov. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 20. januar 2011. 
  4. Gomez, Michael A: Exchanging Our Country Marks: The Transformation of African Identities in the Colonial and Antebellum South, p. 29. Chapel Hill, NC: University of North Carolina, 1998.
  5. Rucker, Walter C. (2006). The river flows on: Black resistance, culture, and identity formation in early America. LSU Press. s. 126. ISBN 978-0-8071-3109-1. 
  6. Gates, Henry Louis Jr (2009). In Search of Our Roots: How 19 Extraordinary African Americans Reclaimed Their Past. New York: Crown Publishing. s. 20–21. 
  7. Kusow, AM. «African Immigrants in the United States: Implications for Affirmative Action». Iowa State University. Henta 16. mai 2016. 
  8. «The size and regional distribution of the black population». Lewis Mumford Center. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 1. oktober 2007.