9. april
dato
9. april er den 99. dagen i den gregorianske kalenderen (100. under skotår). Det er 266 dagar att av året.
Merkedag
endreNasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreReligiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 9. april i 2024:
Namnedag
endreNoreg | Rannveig og Rønnaug |
Sverige | Otto og Ottilia |
Danmark | Procopius |
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1865: Den amerikanske borgarkrigen enda.
- 1867: Det amerikanske senatet inngjekk ein avtale med Russland om kjøp av Alaska.
- 1916: Første verdskrigen. Slaget ved Verdun. Tyskland sette inn sin tredje offensiv.
- 1940: Andre verdskrigen, Operation Weserübung. Tyskland invaderte Danmark og Noreg. Danmark kapitulerte.
- 1942: Andre verdskrigen. Amerikanske styrkar overgav seg i Bataan på Filippinane.
- 1947: Fleire tornadoar i Texas, Oklahoma og Kansas i USA tok livet av 181 menneske og skada 970.
- 1948: Deir Yassin-massakren. Over 100 sivile palestinarar blei drepne av jødiske terroristorganisasjonar.
- 1967: Jomfruturen til Boeing 737.
- 1991: Georgia erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen.
- 1992: John Major vann statsministervalet i Storbritannia.
- 1999: Den nigerske presidenten Ibrahim Baré Maïnassara blei drepen i eit attentat.
- 2003: Okkupasjonen av Irak tok til. Saddam Hussein gjekk under jorda etter at USA og koalisjonen av viljuge to dagar før hærtok Bagdad.
Noreg
endre- 1917: Sju norske fangstskuter forliste under ein orkan i Vestisen, der 84 mann bleiv. Seks av dei sju skutene var frå Ålesund; «Admiralen», «Arctic», «Aslak», «Heim», «Hercules» og «Lundheim», den sjuande, «Ceres», høyrde heime i Tønsberg. Utan radiosamband gjekk det fire månader før andre forstod omfanget av ulukka.
- 1924: Noregsrekorden for lågaste temperatur i april blei sett i Karasjok med ei måling på -36,5 grader.
- 1935: «Havmøy» av Oslo forliste sør for Jamaica i Karibiahavet. 11 mann omkom.
- 1940: Tyske troppar gjekk i land i Noreg og Noreg kom med i andre verdskrigen
- Det tyske krigsskipet «Blücher» blei senka i samband med invasjonen av Noreg.
- 1950: Tre menneske omkom i eit snøras i Hammerfest.
- 1956: Stiftinga av Human-Etisk Forbund.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 9. april.
- 1802: Elias Lönnrot, finsk folklorist
- 1806: Isambard Kingdom Brunel, engelsk ingeniør
- 1821: Charles Baudelaire, fransk diktar
- 1835: Kong Leopold II av Belgia
- 1872: Léon Blum, fransk politikar
- 1918: Jørn Utzon, dansk arkitekt
- 1938: Ivar Medaas, norsk visesongar
- 1964: Nils Rune Langeland, norsk forfattar
- 1971: Jacques Villeneuve, canadisk formel 1-førar
- 1990: Kristen Stewart, amerikansk skodespelar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 9. april.
- 585 f.Kr.: Keisar Jimmu av Japan
- 491: Keisar Zenon av Austromarriket
- 715: Pave Konstantin
- 1024: Pave Benedikt VIII
- 1483: Edvard IV av England
- 1575: Absalon Pedersson Beyer, norsk prest
- 1626: Francis Bacon, engelsk filosof
- 1909: Helena Modrzejewska, polsk skodespelar
- 1936: Ferdinand Tönnies, tysk sosiolog
- 1945: Wilhelm Canaris, tysk admiral (avretta)
- 1945: Dietrich Bonhoeffer, tysk teolog (avretta)
- 1951: Vilhelm Bjerknes, norsk fysikar og meteorolog
- 1959: Frank Lloyd Wright, USA-amerikansk arkitekt
- 1976: Phil Ochs, amerikansk musikar