Forside:Sande kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sande kommune
1514 Sande More og Romsdal komm.png
Sande kommune ligg på søre Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke og grensar til Herøy i nord og aust, Vanylven i sør og Stad i sørvest. Kommunen vart oppretta i 1867 då Herøy vart delt. Rovde vart utskild som eigen kommune i 1905, men i 1964 vart ein del av kommunen attendeført til Sande. Resten av Rovde vart samanslegen med Vanylven. Administrasjonssenteret i Sande kommune er Larsnes.

I landbruket finn ein små bruk, ofte drive i kombinasjon med anna næring. Verkstadindustrien står sterkt i kommunen. Ein finn òg næringsmiddelindustri og andre industriverksemder.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kirkekretsen skole i 1910-åra, ikkje lenge etter at Johan Aarskog kom til Veldre. Han sit midt i andre rekkja.
Johan (Brithanus) Aarskog (fødd 28. august 1882 i RovdeSunnmøre, død 2. juni 1965) var lærar og kyrkjesongar. Målmannen og vestlendingen Aarskog verka lengst i austlandsbygda Veldre i Ringsaker, der han utanom skolen engasjerte seg sterkt i ungdomslagsarbeid og lokalpolitikk. Aarskog, som var venstremann, hadde ifølge journalisten Oddvar Røst en «resonerende evne og en klar form», noe som gjorde han til «den utvilsomt beste debattant i Ringsaker herredsstyre».Aarskog var medlem av skulestyret i både Sunnylven og Ringsaker, og han sat som formann i Ringsaker lærarlag i ti år. Like lenge var han formann i Hedmark krins av Noregs lærarlag.   Les mer …

Bjartmar Gjerde som kirke- og undervisningsminister i 1973.
Foto: Leif Ørnelund/Oslo Museum.
Bjartmar Alv Gjerde (født 6. november 1931 i SandeSunnmøre, død 28. november 2009 i Oslo) var Arbeiderparti-politiker og embetsmann. Han var kirke- og undervisningsminister, industriminister og olje- og energiminister, deretter kringkastingssjef og arbeidsdirektør. Bjartmar Gjerde var sønn av småbruker Hjalmar Gjerde (1902–79) og Astrid Øvrelid (1907–93), og ble gift i 1954 med Anne Karin Hoel (født 1930). Bjartmar og Anne Karin Gjerde bosatte seg i Bredes vei 6 på Høybråten i Oslo.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.

MB «Arne Longva» M-25-S vart bygd for Leiv Longva, Gjerdsvika, ved L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen i 1955. Båten hadde kjennesignal LDNX. Seinare fekk båten namnet «Straumingen».

Båten er nærast kopi av «Nybør», som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

Faksimile fra Nationen 22. april 1955: Utsnitt av omtale av bortgangen til Peter Røwde.

Peter Mathias Bretanus Røwde (født 23. september 1876 i Rovde i Sande, Møre og Romsdal, død 21. april 1955 i Oslo) - gjerne kalt P. M. Røwde - var industrileder, en pionér innen den norske gummivareindustrien, grunnlegger av Viking Gummivarefabrikk og Askim Gummivarefabrikk. Peter Røwde vokste opp med mor og besteforeldre på Store Rovde i Sande på Sunnmøre. Han begynte tidlig med småhandel i hjembygda, og allerede som 15-åring flyttet han hjemmefra med noen oppsparte midler.

Røwde hadde flere handels- og kontorjobber i Ålesund og Bergen, før han på midten av 1890-tallet avtjente militærtjenesten i H. M. Kongens garde i Kristiania. Etter denne tjenesten, og middelskoleeksamen, begynte han som handelsreisende for Olsen, Jahrmann & Co., før han i 1898 etablerte sin egen agenturforretning i tekstil.   Les mer …

Utdrag frå nekrologen i Stavanger Aftenblad (10. juni 1949).

Severin Aarskog (fødd 26. juni (?) 1874 i RovdeSunnmøre, død 6. juni 1949), ofte berre S. Aarskog, var lærar og lokalpolitikar i Høle kommune ved Sandnes.

Han vaks opp i Årskog i Rovde, Sande kommune, som son av Johannes R. og Birte Aarskog. Severin Aarskog tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1895. I 1896 fekk han stipend til lærarkurset i Tromsø. Også den yngre broren Johan vart lærar.   Les mer …

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i SandeSunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sande kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar