Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 6, 2015
Udseende
Mount Erebus er den sørlegaste aktive vulkanen i verda og den nest høgaste vulkanen i Antarktis (etter Mount Sidley). Med ei høgd på 3794 moh er han også det sjette høgaste punktet på ei øy i verda. Vulkanen ligg på Ross Island, der det også finst tre inaktive vulkanar, mellom anna Mount Terror. Mount Erebus er ein del av Eldringen i Stillehavet, som består av over 160 aktive vulkanar.
Mount Erebus vart oppdaga den 27. januar 1841 (og observert i utbrot) av polfararen sir James Clark Ross, som namngav Mount Erebus og Mount Terror etter skipa sine. Vulkanen har vore kontinuerleg aktiv sidan 1972 og vert overvaka av Mount Erebus Volcano Observatory som vert drive av New Mexico Institute of Mining and Technology. Les meir …