Rosendal
Rosendal | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Areal | 1,17 km² | ||
Folketal | 831 (2023) | ||
Folketettleik | 710 / km² | ||
Postnummer | 5470 ROSENDAL | ||
Innbyggjarnamn | Rosendøl | ||
Preposisjon | i Rosendal | ||
Rosendal 59°59′00″N 6°01′00″E / 59.98330556°N 6.01663889°E | |||
Wikimedia Commons: Rosendal, Norway |
Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune, og den største turistbygda. Staden har 831 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Ved Rosendal tettstad ligg òg den største turistattraksjonen i kommunen – Baroniet Rosendal, eit lite slott frå om lag 1666 som ligg inne i eit stort parkanlegg, i dag eit museum som mellom anna fokuserer på unionstida med Danmark. Kring Rosendal er det høge fjell, og det er ikkje langt til isbreen Folgefonna og Folgefonna nasjonalpark, sjølv om tettstaden ligg ut mot Hardangerfjorden. På kaia i Rosendal ligg Skaalurensamlinga, ei museumssamling som fokuserer på dei lange skipsbyggingstradisjonane i Rosendal. Steinparken i Rosendal viser dei ulike bergartane på Folgefonnhalvøya. Her er også ei samling av arkelogiske funn frå området, utstilt i ei restaurert røykstove frå mellomalderen, på den gamle Malmanger prestegard.
Frå gamalt av var Rosendal ei jordbruksbygd, med eit rikt jord- og husdyrbruk som henta impulsar frå drifta på Rosendal Avlsgård, hovudgarden ved Baroniet Rosendal. I dag er det flest arbeidsplassar knytt til turisme, tenesteyting og handel.
Kvinnherad kyrkje ligg i Rosendal. Steinkyrkja er delvis bygd i romansk og delvis i gotisk stil og er frå om lag 1250.
Avisa Grenda kjem ut i Rosendal.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kvinnherad kommune om Rosendal Arkivert 2005-05-10 ved Wayback Machine.