Parodi
Utsjånad
Parodi (frå gresk parodia, av para- 'attåt, motsett' og ode, 'song') er ei etterlikning som gjer narr av originalen, til dømes gjennom overdriving, oppattaking og absurde nye vriar på gamle framstillingar. Parodiering kan brukast til å latterleggjera eit verk, ein person eller eit tema, på vennleg eller vondskapsfullt vis.
Nokre kjende parodiar
[endre | endre wikiteksten]- Batrachomyomachia ('Froske- og musekrigen'), ein gresk antikk parodi på Iliaden.
- 1605-15: Don Quijote av Miguel de Cervantes er ein spansk roman som mellom anna parodierer riddarromanar.
- 1728: The Dunciad av Alexander Pope er ein parodi av klassisk gresk og romersk epikk.
- 1772: Kjærlighet uten strømper av Johan Herman Wessel parodierer franske klassisistiske tragediar.[1]
- 1817: Northanger Abbey av Jane Austen er ein parodi på den samtidige gotiske romanen.
- 1963: «Julekveld i skogen» av av Otto Nielsen og Rolf Just Nilsen er ein parodi på julefeiringssentimentalitet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kierlighed uden strømper, trondelag-teater.no