Erik Huseklepp
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Erik André Huseklepp | ||
Fødd | 5. september 1984 | ||
Fødestad | Bærum | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Midtbane (høgre, venstre), spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Haugesund FK | ||
Ungdomsklubbar | |||
Gneist Bjarg Vadmyra Fyllingen | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004–2005 2005–2011 2011 2011–2012 2012 2012 - |
Fyllingen SK Brann Bari Portsmouth Birmingham (lån) SK Brann |
42 (9) 165 (35) 14 (2) 27 (6) 11 (2) 7 (1) | |
Landslag | |||
2005-2006 2008- |
Noreg U21 Noreg |
8 (1) 29 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. oktober 2012 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. juli 2012 |
Erik André Huseklepp (fødd 5. september 1984) er ein norsk fotballspelar. Han spelar for SK Brann i den norske tippeligaen.
Som 16-åring vart Huseklepp vraka frå juniorlaget til Fyllingen. Difor gjekk han til Vadmyra der han imponerte såpass mykje at Fyllingen ynskte å hente han attende føre 2004-sesongen. Etter returen markerte han seg såpass for 2. divisjonsklubben at han våren 2005 var ynskt av eliteserieklubbane Brann og Odd Grenland.
Han valde Brann, og gjorde seg med ein gong bemerka etter overgangen. I sin fyrste seriekamp på Brann Stadion scora han med sitt fyrste spark på ballen etter 19 sekund mot Fredrikstad, det raskaste målet ein Brann-spelar har scora i nokon seriekamp. Han heldt fram med å vere fyrsteval på venstrekanten resten av sesongen.
Etter ein overtydande start på Brannkarrieren klarte ikkje Huseklepp å følgje opp suksessen frå 2005-sesongen. Etter at Petter Vaagan Moen vart kjøpt frå Ham-Kam før sesongen 2006 sleit Huseklepp med å få speletid, og i ettertid har det vist seg at Huseklepp sleit med forma den sesongen.
Far hans Ingvald Huseklepp vart cupmeister for Brann i 1976, medan systera Elise Huseklepp er eliteseriespelar i handball for Tertnes.
10. juli 2007 vart det kjend at Huseklepp kom fram til ein muntleg avtale om ein overgang frå Bergen til Nadderud og Stabæk.[1] Dette forutsatte derimot at Stabæk kjøpte Huseklepp fri frå kontrakten med Brann før 1. september, noko dei ikkje gjorde. Huseklepp innleia derfor nye forhandlingar med Brann etter at sesongen 2007 var over.[2] Det var mange overgangsspekulasjonar kring Huseklepp hausten 2007, som kunne gå gratis kor han ville etter kontrakten med Brann var over, og i tillegg til Stabæk var både Viking, Vålerenga og Rosenborg ute etter signaturen hans. Frå utlandet viste både Club Brugge og Manchester City si interesse. 13. november 2007 signerte derimot Huseklepp ein ny 3-årsavtale med Brann. Han var Brann sin toppskårar i Tippeligaen i 2009, med 15 seriemål.
I januar 2011 vart han selt til italienske Bari i Serie A, før han same året vart seld vidare til Portsmouth. I 2012 vart han leigd ut til Birmingham, før han vart seld til Brann att sommaren 2012.
Karriere som spelar
[endre | endre wikiteksten](Sist oppdatert 4. mai 2010)
Klubb | Kampar* | Mål* | Periode |
---|---|---|---|
Fyllingen | 42 | 12 | 2004-2005 |
Brann | 99 | 21 | 2005- |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Fxt.no - Stabæk enig med Huseklepp 10.07.07, arkivert frå originalen 13. juli 2007, henta 13. november 2007
- ↑ Bt.no - Huseklepp lokkes med superlønn 29.10.07