John Cockcroft
John Cockcroft | |||
| |||
Fødd | 27. mai 1897 Todmorden i England | ||
---|---|---|---|
Død | 18. september 1967 (70 år) Cambridge i England | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, kjernefysiker, universitetslærar | ||
Institusjonar | Atomic Energy Research Establishment Ministry of Supply Montreal Laboratory Chalk River Laboratories Australian National University | ||
Alma mater | Victoria University of Manchester Manchester College of Technology St. John's College, Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernest Rutherford | ||
Kjend for | Splitting av atom | ||
Ektefelle | Elizabeth Crabtree | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences | ||
Religion | Kristendom |
Sir John Douglas Cockcroft (27. mai 1897 –18. september 1967 ) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med Ernest Walton «for pionerarbeidet deira med omdanning av atomkjerner med kunstig akselererte atompartiklar».[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Frå 1924 arbeidde han ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då var leia av Ernest Rutherford. Frå 1939 til 1946 var han professor i naturfilosofi på same stad. Han arbeidde først med å skape sterke magnetfelt og låge temperaturar. I 1928 byrja han i samarbeid med Ernest Walton å arbeide med akselerasjon av proton ved hjelp av høge spenningar. For å få til dette bygde dei ein høgspenningsgenerator, Cockcroft-Walton-generator, og påviste i 1932 dei første kjernereaksjonane skapt med kunstig akselererte partiklar, eit arbeid som dei i 1951 fekk Nobelprisen i fysikk for.
Cockcroft leia òg bygginga av den første syklotronen i Storbritannia, som stod ferdig i 1939. Frå 1938 vart han saman med Henry Tizard engasjert i utviklinga av radaren. Under andre verdskrigen var han rådgjevar for regjeringa og leia fleire forskingstiltak. I 1944 leia han det anglo-kanadiske atomenergiprosjektet som hadde sete i Montreal og fekk med det ansvaret for bygginga av nokre av dei første reaktorane i verda. I 1946 vart han direktør for Atomic Energy Research Establishment i Harwell, og i 1959 vart han vald til Master for det nye Churchill College i Cambridge.
Cockcroft var ein av dei fremste ekspertane i verda på kjernefysisk energi og ein av dei ivrigaste talsmennene for å utnytte dette til fredelege føremål.
Prisar (utval)
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Cockcroft» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1951» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.
- John Douglas Cockcroft. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/John_douglas_cockcroft