Sevsk
Sevsk Севск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | ||
Først nemnd i Bystatus |
1146 1778 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
7 495 | ||
Koordinatar | 52°09′0″N 34°30′38″E / 52.15000°N 34.51056°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC 3) MSD (UTC 4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | 7 48356 |
Sevsk (russisk Севск) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sev, i nedslagsfeltet til Dnepr, rundt 125 km sør for Brjansk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sevsk var ein av dei opphavlege byane i Severia og var ein del av Fyrstedømet Tsjernigov frå 1146. I 1356 vart han innlemma i Storhertugdømet Litauen. Sevsk vart til slutt annektert av Storfyrstedømet Moskva i 1585 og vart ei russisk grensefestning. I 1634 motstod byen ei tre veker lang omleiring av den polske arme.
Vidare høyrte Sevsk til forskjellige gubernijaer, mellom anna Kiev, Belgorod og Orjol.
Byen var okkupert av den tyske hæren mellom 1. oktober 1941 og 27. august 1943. I 1944 vart Sevsk ein del av Brjansk oblast.
Fortidsminne
[endre | endre wikiteksten]Arkitektoniske minnesmerke inkluderer restane av forsvarsmurane til mellomalderfestninga og kyrkjene Kazanjomfrua (1760) og Kristi himmelfart (1765). Sevsk hadde tidlegare to katedralar, ein frå 1782 og den andre frå 1811. Begge katedralane vart øydelagd under styret til Stalin, men klokketårna står framleis.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Sevsk» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.