Feromon
Feromon (frå gresk pherein å bere eller transportere og hormon å stimulere) er eit duftstoff, eit kjemisk signalstoff, som vert skilt ut frå kjertlar hjå nokre dyr og som verkar mellom individ av same art. Dette vert også kalla for duftspråk, når dyr formidlar meldingar som duftinntrykk til kvarandre. Feromona har ulike namn etter kva for funksjon dei har.
Seksualferomon
[endre | endre wikiteksten]Seksualferomon verkar på det motsette kjønn og gjer at ein han og ei ho finn kvarandre og kan gjennomføre ei paring.
Hjå mange artar, t.d. mange sommarfuglartar, produserer hoene ein artsspesifikk duftblanding (feromon) som hannen kan oppdage på langt hald. Hos insekt er ofte hannen utstyrt med velutvikla antenner, sokalla fjørantenner. Slike antenner har mange tusen sansehår som inneheld luktereseptorar. Nokre artar kan fange slike duftspor på fleire hundre meters avstand.
I nyare tid er feromon nytta som lokkemiddel i feller mot skadedyr. Metoden går ut på å lokke hannane til fella ved hjelp av hoene sitt seksualferomon, for deretter å uskadeleggjere skadedyra.
Sporferomon
[endre | endre wikiteksten]Sporferomon vert nytta av maur for å markere vegen til maten eller tilbake til maurtua.
Alarmferomon
[endre | endre wikiteksten]Alarmferomon vert nytta av maursamfunnet til for å få maurene i forsvars- eller angrepsstemning ovanfor ein truande fare.
Sosialiserande feromon
[endre | endre wikiteksten]Hjå samfunnsdannande insekt som bier og maur, skil både larvar og pupper ut feromon som vert kjent igjen av arbeidarane i bolet. Dette medverkar til at utviklinga vert bremsa hjå hoene, slik at dei ikkje blir fullt forplantingsdyktige. Dei blir sterile individ som hjå samfunnsdannande insekt vert kalla arbeidarar.
Aggregasjonsferomon
[endre | endre wikiteksten]Mest kjent er kanskje barkbillene og «barkbillekrigen» på Austlandet på 1980-talet. Desse feromona vert kalla for aggregasjonsferomon. Hjå barkbiller frå slekta Ips er det hannane som sender ut feromon, og som startar innboringa i trestamma. Både hoer og hannar vert tiltrekt av feromona. Målet er å samle nok individ til å overvinne kvaa som piplar ut i borehola. Sporar av blåvedsopp som er klistra til billene sin kropp blir avsett i borehola. Soppen veks så inn i veden og sperrar vatntransporten i trestamma. Dersom straumen av plantesaft fortset, ville egg og larvar drukne i vatn og kvae.
Feromon hjå mennesket
[endre | endre wikiteksten]Hjå menneske vert det skilt ut feromon blant anna i sveitte.
Galleri feromonfeller
[endre | endre wikiteksten]-
Feromonfelle for Stor granbarkbille i skogen.
-
Fellen fangar flest barkbiller, men også nokre andre artar.
-
Feller på rad og rekkje.
- Denne artikkelen bygger på «Feromon» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2011.