Hopp til innhald

Skei i Jølster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skei
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Areal 0,56 km²
Folketal 517  (2023)
Folketettleik 923 / km²
Postnummer 6843 SKEI I JØLSTER
Innbyggjarnamn skeissar
Preposisjon Skei
Ferdselsårer E39 Skei i Jølster
Kart
Skei i Jølster
61°34′19″N 6°28′53″E / 61.571944444444°N 6.4813888888889°E / 61.571944444444; 6.4813888888889
Wikimedia Commons: Skei

Skei er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var det kommunesenteret i tidlegare Jølster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 517 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved austenden av Jølstravatnet

Ein person frå Skei vert kalla skeissar (uttalt noko liknande sjæssar).

Skei er ein møtestad for det meste av kollektivtrafikken som går gjennom Sogn og Fjordane, sidan «alle vegar går gjennom Skei». Vegkrysset i Skei sentrum samlar mange av dei mest trafikkerte vegane i fylket.

Audhild Vikens Vevstove
Foto: Sean Hayford O'Leary

Føretaket Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar til turistar har opphav på Skei, der Audhild Viken kom frå.

Tidlegare Heimevernsdistrikt 10 hadde hovudkontoret sitt på Skei.

Kjende skeissarar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Synne Sofie Christiansen (15. oktober 2019). «NM i terrengløp 2019». db.no.