Hella
Utsjånad
- For kvinnenamnet Hella, sjå Helle.
Hella | |||
| |||
Hella ferjekai Foto: Matt Sachtler | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, utstikkarbryggje | ||
Opna | 1956 | ||
Som del av | Hella-Vangsnes-Dragsvik | ||
Tilknytt | 55 | ||
Stad | Eitorngrendi | ||
Kommune | Sogndal kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Grinde ferjekai | ||
Hella ferjekai 61°12′25″N 6°36′04″E / 61.207038121369°N 6.6011585673786°E |
Hella er ein busetnad og ferjestad i Eitorngrendi i Sogndal kommune, på nordsida av Sognefjorden i Vestland.
Ferjekaia er betent av trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik:
- Ferja til Dragsvik krysser Fjærlandsfjorden (ca 5 min). Her kan ein anten halda fram på Fylkesveg 55 vestover langs Sognefjorden eller nordover på Fylkesveg 613 over Gaularfjellet (vinterstengt).
- Ferja til Vangsnes krysser Sognefjorden (ca 15 min). Her kan ein anten halda fram på Riksveg 13 over Vikafjellet eller Fylkesveg 5602 til Feios og Fresvik.
Liste over samband med stopp på Hella ferjekai:
[endre | endre wikiteksten]- 1956-1985: Vangsnes-Hella-Dragsvik-Balestrand
- 1985-: Hella-Vangsnes-Dragsvik
- 1974-1994: Balestrand-Hella-Fjærland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 120. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 81-83, 86. ISBN 978-82-91722-93-1.