Hopp til innhald

Flussyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flussyre


Andre namnHydrogenfluorid
Kjemisk formelHF
Atommasse20,006228252 atommasseeining
UtsjånadFargelaus gass
Eigenskapar
Smeltepunkt-83 °C
Kokepunkt19,5 °C
Smiles-notasjonF
CAS-nummer7664-39-3
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Flussyre er ei svak syre med kjemisk formel HF. Det er hydrogenfluorid oppløyst i vatn.[1] Flussyre dannar hydrogenbindingar. Sidan syra reagerer med glas må ho oppbevarast i plastemballasje.

Syra er etsande sjølv i små konsentrasjonar. Dessutan kan fluoridionet trenga inn i hud og binda seg til kalsium. Får ein flussyre på huda kan det gjera skade etter fleire timar.

Modell av hydrogenfluorid. Hydrogen er vist med kvitt og fluor med grønt

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Mineralet fluorspar (kalsiumfluorid CaF2) og svovelsyre vert brukt til å produsera flussyre etter likninga:

CaF2 H2SO4 -> 2HF CaSO4

Flussyre løyser oksid godt. Derfor kan syra brukast til å reinsa metall som uran og aluminium. Ho vert òg brukt til å etsa glas og som råstoff i produksjon av sambindingar som inneheld fluorid.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.