Bled
Utsjånad
Bled (tysk Veldes) er ein turistby ved Bledsjøen (på tysk Veldeser See, slovensk Blejsko jezero) i den nordvestlege delen av Slovenia, nokre få kilometer sør for grensa til Austerrike, og om lag 50 kilometer nordvest for hovudstaden Ljubljana. Byen Bled hadde 5.164 innbyggarar i 2002, det administrative området hadde om lag 11.300 innbyggarar.
Turismen starta for alvor med dei første badeanlegga i 1895.
Mariakyrkja
[endre | endre wikiteksten]Mariakyrkja ligg på ei lita øy ute i Bledsjøen.
Bledborga
[endre | endre wikiteksten]Bledborga røyser seg 139 m over Bledsjøen på den nordlege sida av sjøen. Borga skriv seg frå mellomalderen, og har blitt ombygd etter jordskjelv i 1511 og 1690. Den vart restaurert mellom 1951 og 1961. Her er no museum og restaurant.
-
Borga og kyrkja i Bled
-
Bledborga
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bled» frå Wikipedia på tysk, den 10. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bled