Hopp til innhald

VX

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VX

Systematisk namnO-etyl S-(2-diisopropylaminoetyl)metylfosfonotiolat
Kjemisk formelC11H26NO2PS
Atommasse267,142 atommasseeining
Smeltepunkt−50 grader celsius
Kokepunkt298 grader celsius
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

VX er eit ekstremt giftig syntetisk kjemisk samband i organofosforklassen, nærare bestemt eit tiofosfonat. Det er eit nevrotoksin som blei utvikla for militær bruk i kjemisk krigføring etter translasjonell forskning av tidlegare funn av organofosfattoksisitet i pesticidforsking.

I rein form er VX ei oljeaktig, relativt ikkje-flyktig væske som er ravaktig i fargen.[1] På grunn av låg volatilitet blir VX verande i miljø der stoffet er spreidd.[2]

VX er ei forkorting for venomous agent X.[3] Det er eit av dei best kjende av V-nervemidla og stammar frå utviklingsarbeid av plantevernmiddel ved Imperial Chemical Industries (ICI). Det blei vidareutvikla ved Porton Down i England på byrjinga av 1950-talet.[4] Det bygger på forsking som fyrst blei gjort av Gerhard Schrader, ein kjemikar som arbeidde for IG Farben i Tyskland på 1930-talet. Det er no ein del av ein breiare V-serie av middel som er klassifisert som nervegifter. Per 2023 hadde ikkje VX blitt brukt i strid,[5] sjølv om påstandar om bruk av det våpen i attentat har eit viss truverde.[6]

  1. «CDC | Facts About VX». emergency.cdc.gov (på engelsk). Centers for Disease Control and Prevention. Arkivert frå originalen 7. mars 2018. Henta 20. mars 2018. 
  2. «Nerve Agent VX | U.S. Army Chemical Materials Activity» (på engelsk). Henta 4. november 2023. 
  3. Bethany Halford (26. september 2016). «Detoxifying VX». Chemical & Engineering News 94 (38): 10–11. doi:10.1021/cen-09438-scicon001. 
  4. Worek, Franz; Thiermann, Horst; Wille, Timo (2020). «Organophosphorus compounds and oximes: a critical review». Archives of Toxicology 94 (7): 2275–2292. ISSN 0340-5761. PMC 7367912. PMID 32506210. doi:10.1007/s00204-020-02797-0. 
  5. Doyle, Gerry (24. februar 2017). «What Is VX Nerve Agent? A Deadly Weapon, Rarely Seen». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 4. november 2023. 
  6. Paddock, Richard C.; Sang-Hun, Choe (24. februar 2017). «Kim Jong-nam Was Killed by VX Nerve Agent, Malaysians Say». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 4. november 2023.