Hopp til innhald

Dallas Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dallas Woodrow Taylor Jr. (fødd 7. april 1948 i Denver i Colorado, død 18. januar 2015 i Los Angeles) var ein amerikansk trommeslagar som spelte med mange artistar i 1960- og 1970-åra. Han fekk først suksess med Clear Light,[1] men var best kjend som trommis på debutalbumet til Crosby, Stills & Nash i 1969 og oppfølgjaren med Neil Young, Déjà Vu (1970). Han spelte òg på solodebuten til Stephen Stills i 1970, samt at han var trommeslagar for bandet til Stills, Manassas[2] i 1972 og 1973. Han spelte med Van MorrisonMontreux Jazz Festival i 1974 i ein kvartett med Pete Wingfield og bassist Jerome Rimson. Han spelte ei kort stund for turnebandet til Paul Butterfield i 1970-åra.

  1. Unterberger, Richie. «Biography: Clear Light». Allmusic. Henta 24. oktober 2010. 
  2. Caldwell, Rob. «Biography: Manassas». Allmusic. Henta 24. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]