Tsjingiz Ajtmatov
Tsjingiz Ajtmatov kirgisisk Чыңгыз Айтматов (Çıňğız Aytmatov)
| |
Tsjingiz Ajtmatov i 2003 | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Kirgisistan |
Fødd | 12. desember 1928 i Sjeker |
Død |
10. juni 2008 (79 år) |
Yrke | politikar, diplomat, journalist, omsetjar, romanforfattar, manusforfattar, science fiction-forfattar, skribent, prosaforfatter |
Språk | Kirgisisk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Sjanger | kortroman, kortroman |
Medlem av | Den sovjetiske forfatterforeningen, Sovjetunionens filmfotografunion |
Far | Torekul Aitmatov |
Mor | Q93446343 |
Born | Askar Aitmatov |
Tsjingiz Ajtmatov på Commons |
Tsjingiz Ajtmatov (12. desember 1928–10. juni 2008) var ein kirgisisk forfattar, redaktør og diplomat. Han skreiv både på kirgisisk og russisk.
Ajtmatov var fødd inn i ein nomadefamilie, og opplevde som 9-åring at faren vart fengsla, dømd og avretta for «borgarlege avvik». Seinare slutta han seg sjølv til kommunistpartiet og hadde partiverv og -oppgåver. Han vart likevel rekna for å vere ein moderat kritikar, var ven av Mikhail Gorbatsjov og støtta sistnemnde sin perestrojkapolitikk.
Ajtmatov gav ut sine første forteljingar i 1952, medan han studerte til agronom. Ajtmatov var sekretær på kollektivbruk, journalist i Pravda, og redaktør for tidsskrifta Literaturnaja gazeta og Novyj mir. Med ein folkeleg poetisk forteljarstil syner Ajtmatov sin forfattarskap korleis lokal eigenart og nasjonale tradisjonar vert brotne ned i møte med krava til den nye tida, ofte i form av eit oppgjer med Stalinregimet sin brutale mangel på menneskelege omsyn, som også kan tolkast som eit åtak på eit vilkårleg og tankelaust sentralbyråkrati.
- «Ajtmatov skrev fantastiske romaner om ung kjærlighet som "Dsjamilia" og "Tidlige traner", og var dessuten en slags kirgisisk variant av Mikkjel Fønhus med glitrende, men pessimistiske dyreskildringer. Han hadde ingen glødende tro på framskrittet [...] Hans beskrivelser av kollisjonene mellom nomadenes tradisjoner og kollektiviseringen har en utrolig litterær kraft.» Bjarne Botnen[1]
Ajtmatov var frå 1990 Kirgisistan sin ambassadør til EU, NATO, UNESCO og Benelux-landa, seinare også til Frankrike. Han var far til den kirgisiske utanriksministeren Askar Ajtmatov.
Han mottok Leninprisen i 1963, og vart Helt av sosialistisk innsats i 1978.
Bibliografi på norsk
[endre | endre wikiteksten]- Den hvite dampbåten 1977
- Og dagen varer lenger enn et århundre- 1983
- Dsjamilja, en kjærlighetshistorie 1985
- Gapestokken 1988
- Tidlige traner : 2 kortromaner 1991
- Dsjengis-khans hvite sky 1993
- Utferd til Fujiyama : drama i 2 akter Det norske teatret, 1976
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 1. A-Bem. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 8257300128
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjingiz Ajtmatov» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bjarne Botnen i Vårt Land, 18.6.2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- SovLit.com: Biografi
- Kyrgyz writer, perestroika ally Aitmatov dies Reuters UK, 10 juni 2008
- Chingiz Aitmatov, Who Wrote of Life in U.S.S.R., Is Dead at 79 Bruce Weber i The New York Times, 15 juni 2008