Hopp til innhald

Samisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adjágas opptrer på Samefolkets dag.

Samisk musikk er musikktradisjonane og -nyskapingane til samar i fortid og samtid.

Tradisjonell musikk

[endre | endre wikiteksten]
1. Gammal jojklåt från fäderna og 2. Till Anders Nilsson i Mavasvuoma. Fonografsylinderopptak frå 1914.

I tradisjonell samisk musikk var songar[1] og joikar viktige musikalske uttrykk for samisk kultur og språk. Samar bruker også mange ulike musikkinstrument, nokre av dei berre kjende frå samisk tradisjon, andre kjende frå Skandinavia, og andre introduserte i nyare tid.

Joik (nordsamisk luohti; sørsamisk vuelie) er den mest karakteristiske vokalmusikken i samisk musikk. Denne spirituelle musikkforma er kjend frå dei fleste samiske grupper.[2] Joikar kan ha få eller ingen ord, og har ikkje rim eller ein definitiv struktur. Dei tek typisk for seg eit emne som er viktig for songaren, og desse emna kan variera kraftig. I nordlege område har kvar person sin eigen joik, nokre gonger gjeven dei ved fødselen, som blir sett på som personleg og representativ for dei, på same måte som eit namn. Ordet kan nokre gonger òg visa til lávlu eller vuelie, men dette er ikkje teknisk rett.

Reine folkejoikar gjekk tilbake i popularitet på 1900-talet, både på grunn av påverknad frå popmusikk på radio og religiøs fundamentalisme, særleg læstadianisme, som etterkvart fordømte joik som syndig. Salmar og andre kristne songar byrja bli viktige i samiske miljø frå andre halvdel av 1700-talet. Desse kan vera på samiske språk eller majoritetsspråk, og kan følgja gamle folketonar eller nyare melodiar.[2]

Elles har samisk tradisjon hatt ulike bånsullar.[2][3]

Moderne samisk musikk

[endre | endre wikiteksten]
Ella Marie Hætta Isaksen og Mari Boine opptrer saman ved Riddu Riđđu 2018

Joiking blei fyrst vidare kjend i Sverige og Skandinavia i 1959 då Sven-Gösta Jonsson gav ut «Vid Foten Av Fjället» («Jag Är Lapp...»), der han song om å joika mot heidenske steinar til ein moderne, skiffle-aktig rytme. Dei fyrste kommersielle innspelingane av joiking blei framførte av Nils-Aslak Valkeapää i 1968, i Finland. Valkeapää sine opptak skilde seg likevel frå tradisjonell joiking ved at dei hadde med både instrument og miljølydar, som bjeffande hundar og vind.[4]

Den best kjende samiske songaren på verdsbasis er Mari Boine frå Noreg, som syng ein type minimalistisk folkrock med røter i joik. Andre kjende joikeutøvarar er mellom anna Angelit, Wimme Saari og Nils-Aslak Valkeapää frå finsk Sameland. Musikkgruppa Transjoik med Frode Fjellheim kombinerte joik med jazz og electronica frå 1990-talet. Jiella hadde suksess med å blanda joik, pop og disco på 2000-talet. Ein del ikkje-samiske artistar, som RinneRadio, Xymox og Jan Garbarek, har brukt joik og andre samiske element i musikken sin.

Det finske folk metal-bandet Sháman (seinare Korpiklaani) innførte det som er blitt kalla «yoik metal» seint på 1990-talet, og påkalla merksemd til samisk musikk innan heavy metal. Musikken deira inneheldt samiske element som joiking, samisk tekst og sjamantromme. Vokalisten deira har også joika for den finske folk metal-bandet Finntroll. Eit anna finsk black metal-band, Barathrum, og det svenske black metal-bandet Arckanum har brukt joik i nokre av songane sine.

Mange moderne songarar gjev ut på plateselskapet DAT,[5] det viktigaste plateselskapet for samisk musikk.

Eurovision og Melodi Grand Prix

[endre | endre wikiteksten]
Jon Henrik Fjällgren opptrer i finalen av Melodifestivalen 2017 saman med Aninia.

I januar 2008 kvalifiserte den norske samiske songaren Ann-Mari Andersen seg til finalen i Melodi Grand Prix med «Ándagassii», men vann ikkje finalen. I mars 2015 kom den svenske samiske songaren Jon Henrik Fjällgren på andreplass med «Jag är fri» i den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. I 2017 kom Fjällgren på tredjeplass i Melodifestivalen med «En värld full av strider (Eatneme gusnie jeenh dåaroeh)». I den siste episode av den norske musikktevlinga Stjernekamp i 2018 blei den 20 år gamle samiske artisten Ella Marie Hætta Isaksen kåra til vinnaren; den siste opptredenen hennar i showet var ein joik.[6]

I sjølve Eurovision Song Contest har joik vore med i «Sámiid ædnan» i 1980, framført av Mattis Hætta, og i 2019 i songen «Spirit in the Sky» av trioen KEiiNO. Delar av denne språk-joiken blei framførte av den samiske songaren og rapparen Fred Buljo. KEiiNO vann publikumsrøysta, men nådde berre 6. plass i tevlinga då alle røystene blei telte.[7]

«Oro jaska beana» med norsk og nordsamisk tekst var det norske bidraget og vinnarsongen i Melodi Grand Prix Junior og MGP Nordic 2008.

Musikkinstrument

[endre | endre wikiteksten]
Den samiske vokalisten og musikaren Sofia Jannok frå Gällivare opptrer med tromme ved Centre Culturel Suédois i Paris.

Nokre kjelder har hevda at samar ikkje har brukt musikkinstrument. Eit verk frå 1885 hevda at «Man har ofte beskyldt Lapperne for at mangle ethvert Spor af musikalsk Sans og Opfattelse, og det kan heller ikke nægtes, at der er meget, som taler herfor. Folket eier ikke et eneste musikalsk Instrument, selv ikke det tarveligste».[8] I røynda har samar brukt instrument både i notid og fortid, der nokre av dei berre er kjende frå samisk kultur. Mellom desse er fadno, ei røyrfløyta laga av kvannstilkar, og runebomme. Bruk av runebomme er omtalt for så lenge sidan som slutten av 1100-talet. Tromma var knytta til noaideutøving, der ho blei brukt til å laga eit samband mellom menneskeverda og åndeveda. Mange av desse trommene blei brende i samband med kristning av samane og skuldingar om trolldom, og dei gjekk ut av bruk på 1800-talet.[2] I nyare tid har ein teke i brukt trommer att i samisk musikk.

Forskarar frå slutten av 1700-talet merka seg også to sekkepipetypar i Lappland:[9] sak-pipe og wal-pipe.[10]

Andre samiske instrument som også er kjende frå ein vidare skandinavisk kontekst er mellom anna lur[11][12] og harpu,[13] ein siter som finsk kantele.[14] Seljefløyter blir ofte laga av borken til selje eller ask.[15]

Moderne musikkgrupper bruker ei rekkje ulike instrument, som fele, concertina og trekkspel.

Festivalar og prisar

[endre | endre wikiteksten]
Lávre Johan Eira og Hildá Länsman, vinnarane av Sámi Grand Prix 2021, opptrer saman.

Det finst fleire festivalar for samisk musikk. Riddu Riđđu, som blir halden kvar juli i Kåfjord i Nord-Troms, er ein urfolksfestival med særleg vekt på samisk musikk. Påskefestivalen i Kautokeino samlar òg samiske artistar.[2]

Áillohaš musikkpris er ein samisk musikkpris med namn etter Nils-Aslak Valkeapää, kjend som Áillohaš.[16]

Frå og med 1990 har det vorte arrangert ein årleg song- og joikekonkurranse i Sámi Grand Prix.[17][18]

  1. The 12th song from Kalevala V, 395 – 402; Friis, J. A. (1871) Lappisk mythologi, eventyr og folkesagn: eventyr og folkesagn
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Aksdal, Bjørn; Gaski, Harald (1. mars 2021). «samisk folkemusikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. J, J. (2. februar 2016), «Leserinnlegg: Gammel vuggesang», Ságat (på norsk), henta 30. april 2022 
  4. Jones-Bauman, Richard (2001). «From ‘I’m a Lapp’ to ‘I’m a Saami’: Popular Music and Changing Images of Indigenous Ethnicity in Scandinavia». Journal of Intercultural Studies 22 (2): 189–210. 
  5. «DAT». DAT. Henta 1. januar 2013. 
  6. «Ella Marie Hætta Isaksen wins 'Stjernekamp'» (på norsk). NRK.no. 27. oktober 2018. 
  7. «Norway – LIVE – KEiiNO – Spirit In The Sky – Grand Final – Eurovision 2019» (på norsk). Eurovision Song Contest. 18 May 2019. Arkivert frå originalen 28. april 2022. Henta 29. april 2022. 
  8. Tromholt, Sophus (1885), Under nordlysets straaler : skildringer fra lappernes land, Robarts - University of Toronto, Kjøbenhavn : Gyldendalske boghandels forlag, s. 184, henta 29. april 2022 
  9. David MacRitchie (1884). Ancient and modern Britons: a retrospect. K. Paul, Trench & co. s. 399–. Henta 25 April 2011. 
  10. Michael Conran (1850). The national music of Ireland: containing the history of the Irish bards, the national melodies, the harp, and other musical instruments of Erin. J. Johnson. s. 115. Henta 23 April 2011. 
  11. "Luren: tolv lappiske og norske viser og sange" Abraham Wilhelm Brun, 1900.
  12. April Fast; Keltie Thomas (October 2003). Sweden: the culture. Crabtree Publishing Company. s. 24–. ISBN 978-0-7787-9329-8. Henta 29 May 2011. 
  13. Jan Ling (1997). A history of European folk music. University Rochester Press. s. 7–. ISBN 978-1-878822-77-2. Henta 29 May 2011. 
  14. Arthur Spencer (1978). The Lapps. Crane, Russak. s. 128. ISBN 978-0-8448-1263-2. Henta 29 May 2011. 
  15. Carl von Linné and Sir James Edward Smith: Lachesis lapponica. A tour in Lapland, Linnaeus (1811), Volume: 2 (p. 51).
  16. «Áillohaš musihkkabálkkašupmi» (på nordsamisk). Sámi musihkkafestivála. Henta 3. august 2021. 
  17. Utsi, Johan Ante (4. april 2021), «Winner of Sámi Grand Prix: – I made my childhood dream come true», NRK (på engelsk), henta 17. april 2022 
  18. Bergmo, Tonje (18. mars 2022), «NRK sender Sámi Grand Prix», NRK (på norsk bokmål), henta 17. april 2022