S!sters
S!sters | |||
| |||
Aktiv | 2019-2020 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop |
S!sters var ein kortliva tysk popduo som bestod av songarane Laura Kästel og Carlotta Truman. Duoen representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Sister» etter å ha vunne den tyske songtevlinga Unser Lied für Israel 22. februar 2019.[1][2] Duoen vart oppløyst i februar 2020.[3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]S!sters vart sett saman i høve den tyske tevlinga Unser Lied für Israel i 2019, men begge medlemmane hadde fleire år med song- og sceneerfaring frå tidlegare.
Charlotta Truman
[endre | endre wikiteksten]Charlotta Truman (fødd 19. oktober 1999) vaks opp i ein tysk-britisk familie i Hannover, og byrja å syngje som barn.[4] Allereie som tolvåring i 2011 mottok ho fem Deutscher Rock & Pop Preis-utmerkingar, blant anna som beste solosongar.[5] I 2014 song ho saman med rockebandet Revolverheld på NDR 2 Papenburg festival framfor 25 000 tilskodarar, og same år deltok ho i talenttevlinga The Voice Kids. Nyttårssaftan 2017–18 opptredde ho under ZDF sitt nyttårsshow frå Brandenburger Tor.[2]
Laura Kästel
[endre | endre wikiteksten]Laura Kästel (fødd 29. september 1992), med artistnamnet Laurita Spinelli, kjem frå ein tysk-filippinsk familie frå Königsau i Rheinland-Pfalz. Mora hennar er songar, medan faren er pianist.[4] Som tiåring i 2002 vann ho Kiddy Contest, ei tv-send songtevling på ZDF for barn mellom 8 og 14 år.[6] Etter vidaregåande skule byrja ho å skrive songar, og ho fekk jobb som støttevokalist under turneen til The Voice of Germany. Ho har vore støttevokalist for songaren Lena, men har òg jobba med å skrive og produsere songar til debutalbumet sitt.[2] Ho bur no i Wiesbaden.
Som duo
[endre | endre wikiteksten]Truman og Kästel vart sett saman til duo i høve den tyske tevlinga Unser Lied für Israel til Eurovision Song Contest 2019.[4] Duoen kalla seg S!sters, og dei deltok med låten «Sister», skriven av Laurell Barker, Marine Kaltenbacher, Tom Oehler og Thomas Stengaard.[7] Den tyske finalen vart arrangert i Berlin fredag 22. februar, og «Sister» var det sjuande og siste bidraget ut i tevlinga. I avrøystinga fekk duoen høgaste poeng frå den internasjonale juryen og tv-sjåarane, og vann dimed tevlinga samanlagt. S!sters fekk dimed representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Contest i Tel Aviv laurdag 18. mai. I finalen fekk duoen null poeng i telefonavrøystinga, men 24 poeng frå juryane. Dei enda til slutt som nummer 25 av 26 bidrag.[8]
Året etter, i februar, 2020, oppløyste Truman og Kästel gruppa for å satse på sine eigne solokarrierar.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ESC-Vorentscheid im Ticker: Diese Frauen fahren für Deutschland nach Israel!» (på tysk). Da-imnetz.de. 23. februar 2019. Henta 23. februar 2019.[daud lenkje]
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Germany's song and artist for Israel: S!sters with Sister». EBU. 22. februar 2019. Henta 23. februar 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «Germany's S!sters Confirm Split After Eurovision 2019» (på engelsk). 10. februar 2020. Henta 11. februar 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 NDR. «S!sters: Deutschlands Kandidaten beim ESC 2019» (på tysk). NDR. Henta 23. februar 2019.
- ↑ «Deutscher Rock & Pop Preis 2011: Gewinner» (på tysk). Henta 23. februar 2019.
- ↑ «KIDDY CONTEST 2002 | KIDDY CONTEST» (på tysk). Arkivert frå originalen 23. februar 2019. Henta 23. februar 2019.
- ↑ «Germany: S!sters to Eurovision 2019 with "Sister"». 22. februar 2019. Henta 23. februar 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «S!sters» frå Wikipedia på bokmål, den 29. desember 2021.