Red Rain
Red Rain Singel av Peter Gabriel frå albumet So | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1986 (USA), juli 1987 (Storbritannia) | |
Sjanger | kunstrock, pop, progressiv rock | |
Lengd | 5:39 (album) 4:02 (singel) | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
---|---|---|
Produsent | Peter Gabriel, Chris Hughes, Daniel Lanois | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«Big Time» (1986) |
Red Rain | «Biko Live/No More Apartheid» (1987)
|
«Red Rain» er opningssporet på So av Peter Gabriel frå 1986. I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard si Mainstream Rock-liste. Stewart Copeland frå The Police spelte hi-hat for den regnliknande bakgrunnslyden, medan Jerry Marotta spelte trommer på resten.
Gabriel hadde fleire inspirasjonskjelder då han skreiv songen. Teksten kjem frå ein tilbakevendande draum Gabriel hadde om at han symde i eit basseng fylt med raudvin. I ein annan versjon av draumen fall flasker forma som menneske utfor eit stup, og då dei trefte bakken knuste dei og ei raud væske kom til syne, og det byrja å regne raudt.
Tidlegare i solokarrieren sin hadde Gabriel ein ide for ein film kalla Mozo. I filmen skulle landsbybuarane straffast for syndene sine med blodregn. «Red Rain» skulle vere temasongen. Ideen vart etter kvart skrinlagd, men Mozo er nemnd i songen «On the Air» frå Peter Gabriel (II). «Down the Dolce Vita», «Here Comes the Flood», «Exposure» og «Big Blue Ball» refererer òg til soga i Mozo.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- So (1986)
- Shaking the Tree (1990)
- Secret World Live (konsetopptak, 1994)
- Hit (2003)
- Live Blood (2012)
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- «Red Rain»
- «In Your Eyes» (special mix) [berre på 12"]
- «Gaga»
Gaga er instrumentalsporet av songen I Go Swimming som berre finst på plata «Plays Live».
Sporliste (Amerikansk 12" singel (20749-0))
[endre | endre wikiteksten]- «Red Rain» - 5:35
- «GA-GA (I go swimming instrumental)» - 4:31
- «Walk Through The Fire» - 3:31
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Red Rain vart nytta i TV-serien Miami Vice i oktober 1986.[1][2]
- I ein episode av CSI: NY («Dead Inside»), referer Sam, systera til detektiven Flack, til songen.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jerry Marotta – trommer
- Chris Hughes – Linn programmering
- Stewart Copeland – hi-hat
- Tony Levin – bassgitar
- David Rhodes – gitar, korvokal
- Daniel Lanois – gitar
- Peter Gabriel – vokal, piano, CMI, Prophet-5
- Kevin Killen – miksing
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- For konsertopptaket på Secret World spelar Manu Katché trommer.
- Gabriel fekk med seg Michael Stipe og Natalie Merchant på ein konsertversjon av songen under VH1 Honors i 1996.
- The John Tesh Project med Eric Marienthal på saksofon spelte songen på albumet Sax All Night i 1997.[3]
- Songen vart spelt inn av Ill Niño på The Under Cover Sessions.
- Han vart spelt inn av det progressive metal-bandet Queensrÿche i 2007 på Take Cover.
- Coheed and Cambria framførte songen på Bonnaroo og Mountain Jam i 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Red Rain (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: