Patrick Chamoiseau
Patrick Chamoiseau | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 3. desember 1953 (70 år) Fort-de-France |
Yrke | skribent, fengselsintegrerings- og friomsorgsrådgjevar, videospillsforfatter |
Språk | fransk |
Sjanger | créolité |
Patrick Chamoiseau på Commons |
Patrick Chamoiseau (fødd 3. desember 1953) er ein fransk forfattar på Martinique som er kjend for arbeidet sitt for den litterære rørsla Créolité. Han mottok Goncourtprisen 1992 for romanen Texaco.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Chamoiseau blei fødd i Fort-de-France på Martinique. Etter å ha studert juss i Paris vende han tilbake til heimstaden, inspirert av Édouard Glissant til å interessera seg for den kreolske kulturen. Chamoiseau har skrive eit historisk verk om Antillane under Napoleon I si regjeringstid og fleire faktabøker, mellom anna Eloge de la créolité, som han skreiv saman med Jean Bernabé og Raphaël Confiant. Chamoiseau blei løna med den kreolske Carbetprisen (1990) for Chemins d'enfance.[1] Romanen Texaco vann Goncourtprisen i 1992, og blei vald ut av New York Time som Notable Book of the Year.
Chamoiseau kan òg reknast som ein av dei meste nyskapande forfattarane på den franske litterære scenen sidan Louis-Ferdinand Céline. Den frie bruken hans av det franske språket – ei særs komplisert og flytande blanding av konstant innovasjon og «kreolisme» – driv intensive og sanselege skildringar av menneske på Martinique spesielt og av menneskja generelt.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Romanar
[endre | endre wikiteksten]- Chronique des sept misères (1986)
- Solibo magnifique (1988)
- Antan d’enfance (1990)
- Texaco (1992)
- Chemin d’école (1994)
- L'esclave vieil homme et le molosse (1997)
- Biblique des derniers gestes (2002)
- À bout d’enfance (2005)
- Un dimanche au cachot (2007)
- Les neuf consciences du malfini (2009)
Antan d’enfance, Chemin d’école og À Bout d’enfance utgjer den sjølvbiografiske trilogien Une enfance Créole.
Drama
[endre | endre wikiteksten]- Manman Dio contre la fée Carabosse (1982)
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- L'exil du roi Behanzin (1994)
- Le passage du milieu (2000)
- Biguine (2004)
- Nord plage (2004)
- Aliker (2007)
Teikneseriar
[endre | endre wikiteksten]- Monsieur Coutcha, under namnet Abel, saman med Tony Delsham (ein av dei fyrste karibiske serieteiknarane, gjeven ut i 1970).
- Encyclomerveille d'un tueur 1. L'orphelin de Cocoyer Grands-Bois (2009)
Barnelitteratur
[endre | endre wikiteksten]- Emerveilles (1998)
Essay
[endre | endre wikiteksten]- Éloge de la créolité (med Jean Bernabé og Raphaël Confiant) (1989)
- Lettres créoles. Tracées antillaises et continentales de la littérature (med Raphaël Confiant) (1991)
- Martinique (med V. Renaudeau) (1994)
- Guyane: Traces-Mémoires du bagne (1994)
- Ecrire en pays dominé (1997)
- Elmire des sept bonheurs: confidences d'un vieux travailleur de la distillerie Saint-Etienne (1998)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Patrick Chamoiseau Arkivert 26. november 2009 på Wayback Machine., Prix Carbet, läst 13 mars 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Patrick Chamoiseau» frå Wikipedia på svensk, den 2. august 2023.