Paraceløyane
Paraceløyane | |||
øygruppe | |||
Nokre av Paraceløyane.
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | øyene i Sør-Kina-havet | ||
Paraceløyane 16°39′17″N 112°44′50″E / 16.654612°N 112.747192°E | |||
Wikimedia Commons: Paracel Islands |
Paraceløyane eller Xisha-øyane (kinesisk 西沙群島; pinyin Xīshā Qúndǎo; vietnamesisk Quần đảo Hoàng Sa) er ei stor gruppe atollar i Sør-Kina-havet. Øyane blei annekterte av Folkerepublikken Kina i 1974, men også Taiwan og Vietnam gjer krav på øyane. Kinesiske styresmaktene reknar området som ein kommune i byprefekturet Sansha.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øyane er ei gruppe på cirka 130 folketomme korallatollar og ligg eit stykke nord i Sør-Kina-havet. Dei har eit areal på cirka 6 km². Det høgaste punktet ligg på Rocky Island og kneisar 14 moh. Øyane er stort sett dekt av låg vegetasjon.
Øyane er delte mellom den vestre Crescentgruppa og den austre Amfitriteguppa.
Havet rundt øyane er svært rikt på fisk, og ein reknar også med at det kan ha store olje- og naturgassførekomstar under havbotnen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øyane har lenge vore kjende av kinesiske sjøfararar, og Kina har gjort krav på dei i lang tid. I 1537 blei dei vitja av den portugisiske sjøfararen kaptein de Pinto, som gav dei det europeiske namnet Ilhas do Tavaquerro. Øyane blei formelt annekterte av Kina den 19. januar 1974.
Øygruppa inngår saman med Dongshaøyene, Nanshaøyene og Zhongshaøyene i dei kinesiske såkalla «sørkinahavøyane».
Namnet «Paracel» for øyane er ei oppkalling etter Paracelsus.
Suvereniteten over øyane har vore gjenstand for ei rekkje konfliktar i området mellom Kina, Taiwan og Vietnam sidan tidleg på 1900-talet. Etter at Frankrike okkuperte Indokina, tok det kontroll over øyane og gjorde dei til ein del av kolonien Fransk Indokina i 1932. Då Frankrike trekte seg tilbake i 1956 etter nederlaget i Den fyrste indokinesiske krigen, okkuperte styrkar frå det kommunistiske Kina omgåande øya Yongxing (engelsk «Woody Island»), ei av dei viktigaste øyane i gruppa, medan andre øyar blei verande under sørvietnamesisk kontroll. Spenningane i området steig, og enda med ein militær samanstøyt januar 1974 mellom Sør-Vietnam og Kina. Etter blodige kampar klarte den kinesiske styrken å ta kontroll over øyane, og Kina har hatt kontroll over dei sidan. Øyane ligg godt innanfor kravlinja til Kina, «Den nistipla linja». Men suverenitetspørsmålet er ikkje folkerettsleg løyst, og Vietnam gjer framleis krav på øyane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paraceløyene» frå Wikipedia på bokmål, den 9. september 2024.