Osmund Faremo
Osmund Faremo | |||
Fødd | 23. november 1921 Hylestad | ||
---|---|---|---|
Død | 16. april 1999 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Grete Faremo | ||
Alle verv |
|
Osmund Faremo (23. november 1921–16. april 1999) var ein norsk arbeidarpartipolitikar, motstandsmann og målmann. Han vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i fem periodar, frå 1965 til 1985. Han var vararepresentant i periodane 1958–1961 og 1961–1965. Faremo var ordførar i Bygland kommune i periodane 1958–1959 og 1963–1966, og varaordførar i 1962–1963.
Faremo var fødd i Hylestad i Aust-Agder. Under krigen slutta motstandsmannen Faremo seg til Milorg. I februar 1943 vart han arrestert av Gestapo og etter kvart send til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Austerrike, som såkalla Nacht und Nebel-fange. Faremo vart sett fri med Dei kvite bussane, og gav i 1987 ut boka Takk for livet, Emil, om tida i fangenskap.
Osmund Faremo tok initiativet til å skipe Løvebakken Mållag i 1974, og var formann i laget frå 1978 og fram til og med 1985. Han var formann i Norsk-Jugoslavisk Samband og Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).
Han var far til politikaren Grete Faremo.
Stortingets presidentskap
[endre | endre wikiteksten]- 11. oktober 1977–30. september 1981 Sekretær i Lagtinget
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1981–1985 medlem i Forsvarskomitéen
- 1977–1981 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
- 1977–1981 medlem i Valkomitéen
- 1973–1977 nestformann i Administrasjonskomitéen
- 1973–1977 medlem i Valkomitéen
- 1969–1973 sekretær i Kommunal- og miljøvernkomitéen
- 1969–1973 sekretær i Kommunalkomitéen
- 1969–1973 medlem i Valkomitéen
- 1965–1969 varamedlem i Valkomitéen
- 1965–1969 medlem i Kommunalkomitéen
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Faremo mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 1993. Han fekk Ordenen av det jugoslaviske flagget med stjerne og vart i 1970 tildelt DDR sin æresmedalje for kamp mot fascismen. I 1998 fekk Faremo Forsvarsforeningens medalje. I 1979 var han heidra med målpris frå Bygland Mållag og i 1981 fekk han heidersteikn frå Norske Kommunars Sentralforbund. I 1987 vart Faremo kåra til «Årets Setesdøl».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1921
- Døde i 1999
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar for Aust-Agder
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Ap-ordførarar i Aust-Agder
- Ordførarar i Bygland
- Folk frå Valle
- Folk frå Bygland
- Målfolk