Luhansk
Luhansk | |||
ukrainsk Луганськ, russisk Луганск, Lugansk | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Luhansk oblast | ||
Høgd | 105 moh. | ||
Koordinatar | 48°34′0″N 39°20′0″E / 48.56667°N 39.33333°E | ||
Areal | 257 km² | ||
Folketal | 445 900 (2004) | ||
Folketettleik | 1 735 / km² | ||
Grunnlagd | 1795 | ||
Borgarmeister | Serhiy Ivanovytsj Kravtsjenko | ||
Postnummer | 91000 | ||
Retningsnummer | 380 642 | ||
Luhansk 48°34′18″N 39°17′50″E / 48.5717084°N 39.2973153°E | |||
Kart som viser Luhansk.
| |||
Wikimedia Commons: Luhansk | |||
Nettstad: http://gorod.lugansk.ua/ |
Luhansk (ukrainsk Луга́нськ, russisk Луга́нск, Lugansk), tidlegare Vorosjilovgrad, er ein by søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Luhansk oblast (provins). Sjølve byen er ein eigen kommune i oblastet og har kring 450 000 innbyggjarar (2004). Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk, der han er hovudstaden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har ei historie som går attende til 1795 då den britiske industrimagnaten Charles Gascoigne grunnla ein metallfabrikk der. Det var byrjinga på ein industri som framleis trivst i dag. Lugansk fekk bystatus i 1882. Han ligg i Donetsbekkenet og vart utvikla til eit viktig industrisenter i Aust-Europa, mellom anna var her eit stort selskap som bygde lokomotiv.
5. november 1935 fekk byen namnet Vorosjilovgrad (Ворошиловград) til ære for den sovjetiske militærkommandanten og politikaren Kliment Vorosjilov. Den 5. mars 1958 vart det gamle namnet gjeve attende, då Khrusjtsjov ikkje lenger ville gje namn på levande personar til byar.[1][2] 5. januar 1970, etter at Vorosjilov døydde, vart namnet igjen endra attende til Vorosjilovgrad. Til slutt, den 4. mai 1990, vart det opphavlege namnet gjeve attende til byen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêrdata for Luhansk | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 12,8 | 17,3 | 23,1 | 31,8 | 36,6 | 39,4 | 40,5 | 42 | 36,8 | 31,2 | 22,8 | 15,6 | 42 |
Gjennomsnittleg maks °C | −1 | −0,4 | 5,7 | 15,6 | 22,2 | 26,4 | 28,7 | 28,1 | 21,8 | 13,9 | 5,3 | 0,1 | 13,9 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −4 | −4,1 | 1,4 | 9,7 | 15,8 | 20,1 | 22,3 | 21,2 | 15,3 | 8,6 | 1,8 | −2,7 | 8,8 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,8 | −7,4 | −2,4 | 4,2 | 9,4 | 13,8 | 16 | 14,5 | 9,4 | 4 | −1,2 | −5,5 | 4 |
Lågast målte °C | −41,9 | −36,9 | −27,3 | −12,1 | −8,2 | −1,8 | 5,2 | −0,4 | −7,2 | −16,3 | −26,3 | −29,6 | −41,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 36 | 36 | 32 | 33 | 50 | 61 | 63 | 34 | 45 | 35 | 39 | 39 | 503 |
Kjelde: Pogoda.ru.net[3] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Luhansk» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «чпеообс мйфетбфхтб -[ вЙПЗТБЖЙЙ ]- иТХЭЈЧ у.о. иТХЭЈЧ». Militera.lib.ru. Henta 9. september 2012.
- ↑ «Записки из Якирова Посада - Луганск-Ворошиловград-Луганск». Shusek.livejournal.com. 2. november 2009. Henta 9. september 2012.
- ↑ «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 28 June 2012.