Klokkelyng
Utsjånad
Klokkelyng | |
Klokkelyng | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Slekt: | Klokkelyngslekta Erica |
Art: | Klokkelyng E. tetralix |
Vitskapleg namn | |
Erica tetralix |
Klokkelyng (Erica tetrálix) er ein liten dvergbusk i lyngfamilien.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Klokkelyngen er kjertehåra. Blada er kransstilte og nåleforma. Blomstrane er rosa og oppblåste, og sit i klasar i toppen av kvistane.
Klokkelyngen har rikeleg med nektar, og insekta besøker han gjerne. Etter pollinering dannar han ein liten fruktkapsel som vert sitjande inni den visne blomsterkrona.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Klokkelyngen er ein utprega kystart. I Noreg veks klokkelyngen på torvmyr og lyngmark i kyst- og fjordstrok nordover til Sør-Helgeland. Elles veks han i kyststrok i Vest-Europa sør til Spania.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Klokkelyngen er fylkesblomster i Rogaland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A.M. Lideman: Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-28 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klokkelyng