Haryana
Haryana | |||
delstat | |||
|
|||
Forkorting: IN-HR | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Chandigarh | ||
Største by | Faridabad | ||
Areal | 44 212 km² | ||
Folketal | 27 761 063 (2016) | ||
Grunnlagd | 1. november 1966 | ||
Språk | hindi, punjabi | ||
Haryana 29°11′37″N 76°19′29″E / 29.193657°N 76.324586°E | |||
Kart som viser Haryana.
| |||
Wikimedia Commons: Haryana |
Haryana er ein delstat i India. Han grensar mot Panjab og Himachal Pradesh i nord, mot Uttaranchal og Uttar Pradesh i aust, mot Rajasthan sør og vest, og omsluttar saman med Uttar Pradesh hovudsstadsterritoriet Delhi.
Haryana blei skild ut frå Panjab i 1966. Grunngjevinga var språkleg – innbyggjarane her er hovudsakleg hinditalande, medan fleirtalet snakkar panjabi i Panjab. Fleire panjabarar er også sikhar, medan fleirtalet i Haryana er hinduar. Samstundes er dei fleste innbyggjarane i begge statane jatar. Ved opprettinga blei Chandigarh delt hovudstad. Etter planen skulle denne overførast til Punjab i 1986, men dette skjedde ikkje.
Delstaten har ein stor industriproduksjon med fabrikkar særleg i Gurgaon, Panchkula, Panipat, Faridabad og Bahadurgarh. Delstaten produserer halvparten av alle personbilar og motorsyklar laga i India, 30% kjøleskap, 25 % av traktorar. Staten står også for 20 % av eksporten av vitskaplege instrument og 33 % av indisk programvareeksport.[1] Fleire nasjonale og internasjonale selskap held til her. Bilfirmaet Maruti har hovudkontor i Gurgaon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ haryanainvest.org Arkivert 2008-12-27 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Haryana» frå Wikipedia på engelsk, og «Haryana» frå Wikipedia på dansk den 24. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.