Hopp til innhald

Halny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Halny er ein fønvind som bles sør i Polen og i Slovakia i Karpatane. Den mest turbulente vind bles i Podhale og kjem frå sør, ned fjellsidene på Tatrafjella og i Slovakia når vinden kjem frå nord.

Halny er ein varm, kraftig vind som bles gjennom dalane. Han kan ofte føre til øydeleggingar og skape snøras.

Halny opptrert oftast i oktober og november, og stundom i februar og mars, men er sjeldan i andre månader.