Hopp til innhald

Fotoelastisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit bilete av plastikkbestikk ved hjelp av fotoelastisitet.

Fotoelastisitet eller spenningsoptikk er nemningar som vert nytta når dei optiske eigenskapane til eit stoff er avhengig av elastiske spenningar i stoffet. Det vert særskild nytta om stoff som blir dobbeltbrytande når dei blir utsett for mekanisk strekk eller trykk. Ein nyttar fotoelastiske undersøkingar for å finne spenningstilstanden i slike stoff.