Focus II
Focus II Studioalbum av Focus | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1971 | |
Innspelt | 13. april–14. mai 1971 | |
Studio | Sound Techniques og Morgan Studios London i England | |
Sjanger | Progressiv rock, jazz fusion, hardrock, instrumental rock, proto-metal | |
Lengd | 41:40 | |
Selskap | Sire Records | |
Produsent | Mike Vernon | |
Focus-kronologi | ||
---|---|---|
Focus Plays Focus (1970) |
Focus II | Focus 3 (1972)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MelodicMusic |
Focus II (meir kjend under den internasjonale tittelen Moving Waves) er det andre studioalbumet av det nederlandske progrockbandet Focus, utgjeve i oktober 1971 på Imperial Records. Etter at Martin Dresden og Hans Cleuver slutta i bandet i 1970, henta bandet inn Cyril Havermans på bass og Pierre van der Linden på trommer og byrja å arbeide på nye songar. Albumet inneheld «Hocus Pocus», den mest populære singelen til bandet, og «Eruption», eit 23 minuttar langt spor basert på operaen Euridice av Jacopo Peri.
Focus II fekk stort sett positiv omtale då det kom ut. Det er eit av dei bestseljande albuma til bandet og nådde andreplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200. «Hocus Pocus» kom ut som singel i 1971, men gjekk ikkje inn på lista før 1973 då han klatra til niandeplassen i USA[2] og 20. plassen i Storbritannia.[3] Albumet har seld til gullplate i USA.[4]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Focus II kom ut i oktober 1971 til hovudsakleg positive meldingar. Det nådde andreplassen på den britiske albumlista,[5] åttandeplassen på den amerikanske Billboard 200,[6] og niandeplassen på Nederlandsk Topp 40.[7]
Singelen «Hocus Pocus» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100.[8]
Focus II vart plassert på 24. plass på lista til magasinet Q og Mojo kalla «40 Cosmic Rock Albums».[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Hocus Pocus» | Thijs van Leer, Jan Akkerman | 6:42 |
2. | «Le Clochard (Bread)» | Akkerman | 2:01 |
3. | «Janis» | Akkerman, van Leer | 3:09 |
4. | «Moving Waves» | van Leer, Inayat Khan | 2:42 |
5. | «Focus II» | van Leer | 4:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Eruption»
| 22:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Thijs van Leer – Hammondorgel, piano, mellotron, harmonium, fløyte, jodling, vokal (spor 4)
- Jan Akkerman – gitar, bassgitar
- Cyril Havermans – bassgitar, ordlaus vokal (spor6)
- Pierre van der Linden – trommer, perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Focus II» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «allmusic ((( Moving Waves > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 3. desember 2019.
- ↑ Hilton, Robin (15. juli 2008). «Old Music Tuesdays: Focus». NPR.org (på engelsk). Henta 3. desember 2019.
- ↑ «Focus - Full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 3. desember 2019.
- ↑ Berry, Peter E. Berry (1977). «... and the Hits Just Keep on Comin' » (1st utg.). Syracuse, N.Y.: Syracuse University Press. s. 170, 205. ISBN 9780815601340.
- ↑ «The Official Charts Company - Focus - Moving Waves». Official Charts Company. Henta 3. desember 2019.
- ↑ «Moving Waves - Focus | Awards». AllMusic. Henta 4. desember 2019.
- ↑ «dutchcharts.nl - Focus - Moving Waves». dutchcharts.nl. Henta 3. desember 2019.
- ↑ «Focus - Chart History - Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Henta 3. desember 2019.
- ↑ Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.