Hopp til innhald

Dragsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dragsvik
Dragsviki
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Postnummer 6899
Preposisjon i Dragsvik
Ferdselsårer 55 613
Kart
Dragsvik
61°12′54″N 6°33′53″E / 61.215°N 6.56472222°E / 61.215; 6.56472222
Wikimedia Commons: Dragsvik

Dragsvik, eller Dragsviki, er ein ferjestad og lokalområde mellom Esefjorden og Fjærlandsfjorden i Sogndal kommune. Området frå vest og austover dekkjer gardane Tjugum og Lunde, Lundsviki, halvøya Veganeset, og Dragsviki på austsida av Veganeset.

Fram til 1950-talet stod området berre av gardane Lunde og Tjugum, i tillegg til Tjugum kyrkje frå 1863. I 1956 opna Dragsvik ferjekai på austsida av Veganeset i samband med opning av ny veg og ny ferjekai på Hella, og med dette vart Dragsvik sentral i det nye vegnettet mellom Balestrand. Gaularfjellet, Vik i Sogn og Sogndal med trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik. Sidan har særleg Veganeset sett storstilt utbygging, her har ein fått Dragsvik fjordhotell, Veganeset camping, og Balestrand miljøstasjon.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]