Avonmore av Bryan Ferry
Avonmore Studioalbum av Bryan Ferry | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. november 2014 | |
Sjanger | Kunstpop, sophisti-pop | |
Lengd | 43:21 | |
Selskap | BMG Rights Management | |
Produsent | Bryan Ferry, Rhett Davies, Johnson Somerset, Todd Terje | |
Bryan Ferry-kronologi | ||
---|---|---|
The Jazz Age (2012) |
Avonmore | Bitter-Sweet (2018)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Guardian | [2] |
Pitchfork Media | (6.7/10)[3] |
PopMatters | (8/10)[4] |
Rolling Stone | [5] |
Avonmore er det femtande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, gjeve ut den 17. november 2014.[6]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Tittelen på albumet vart kalla opp etter staden der studioet til Ferry, der albumet vart spelt inn, låg i London.[7]
Albumet vart annonsert den 23. september 2014 med ei utgjeving av songen «Loop De Li».[8] Albumet vart produsert av Ferry i lag med den mangeårige samarbeidspartnaren Rhett Davies, som har produsert mange album for Ferry og Roxy Music. Med på albumet er òg andre faste samarbeidspartnarar som Fonzi Thornton, Nile Rodgers, Marcus Miller og Johnny Marr (som var medlåtskrivar på songen «Soldier of Fortune»). Albumet inneheld to coverversjonar, ei utgåve av Stephen Sondheim sin «Send in the Clowns» og ein versjon av «Johnny and Mary», opphavleg av Robert Palmer. Sistnenmde var eit samarbeid med den norske DJ-en og produsenten Todd Terje og kom først ut på albumet til Todd Terje, It's Album Time, som kom ut tidlegare i 2014.
Avonmore nådde 19. plassen på UK Albums Chart og 72. plassen på US Billboard 200.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet fekk generelt god kritikk. Allmusic gav fire av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv at «dette er Ferry på sitt beste, ein augneblink då arva hans var intakt, men likevel ikkje enno bevart i rav» og at albumet «bevisst framkallar denne distinkte perioden, nokre gonger glir det inn i den utsøkte ennuien på Avalon, men som regel er det heller finsaumen frå Boys and Girls, ei plate der kvar sekvenserte rytme, keyboard og gitarlinje blanda seg til ein forlokkande urban puls» og at «songane er det som gjer denne plata til noko meir enn ein flørt».[9] PopMatters-kritikaren John Paul skreiv at albumet «fungerer som ein velfortent sigersrunde for både Ferry og dei han samla saman, triumferande relevant igjen og minnar lyttarane på at han har gjort dette sidan 1970-åra. Det har berre tatt heile denne tida for ålmenta å ta igjen der han har vore heile tida».[10] Forfattaren T. Cole Rachel frå Pitchfork var mindre positiv, og gav albumet 6,7 av 10: «somme stader snublar albumet når musikken, som ofte flørtar med ein slags glatt adult contemporary, glir over i å bli uinteressant» og «den godt dokumenterte, gode smaken til Ferry er både ein ressurs og kanskje ei forbanning» og konkluderte med at plata er «eit fin tillegg til verka til Bryan Ferry, om enn ikkje nødvendigvis eit veldig utfordrande eitt».[11]
Spesialutgåve
[endre | endre wikiteksten]29. oktober 2015 annonserte Ferry utgjevinga av ei spesialutgåve av Avonmore, med albumet på vinyl og CD, i lag med ei bok på 48 sider med bilete av fotografen Matthew Becker.[12]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Loop De Li» | Ferry | Ferry, Davies, Somerset | 4:18 |
2. | «Midnight Train» | Ferry | Ferry, Davies, Somerset | 3:49 |
3. | «Soldier of Fortune» | Ferry, Johnny Marr | Ferry, Davies | 4:25 |
4. | «Driving Me Wild» | Ferry | Ferry, Davies | 3:37 |
5. | «A Special Kind of Guy» | Ferry | Ferry, Davies | 3:14 |
6. | «Avonmore» | Ferry, Oliver Thompson | Ferry, Davies | 5:13 |
7. | «Lost» | Ferry | Ferry, Davies | 2:47 |
8. | «One Night Stand» | Ferry | Ferry, Davies, Somerset | 5:05 |
9. | «Send in the Clowns» | Stephen Sondheim | Ferry, Davies | 4:02 |
10. | «Johnny and Mary» | Robert Palmer | Todd Terje | 6:47 |
Total lengd: | 43:15 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
«Loop De Li»
«Midnight Train»
«Soldier of Fortune»
«Driving Me Wild»
«A Special Kind of Guy»
|
«Avonmore»
«Lost»
«One Night Stand»
«Send in the Clowns»
Strykearrangement av Colin Good & Bryan Ferry «Johnny and Mary»
|
Produksjon
- Alistair Norbury – management
- Johnny Dewe Mathews – fotografi på framsida
- Neil Kirk – fotografi inne i omslaget
- Michael Knight – design
- Jono Patrick – digital kunst
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2014) | Plassering |
---|---|
Franske album (SNEP)[13] | 63 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[14] | 23 |
Italienske album (FIMI)[15] | 71 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[16] | 19 |
Britiske album (OCC)[17] | 19 |
US Billboard 200[18] | 72 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Avonmore av Bryan Ferry» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ AllMusic review
- ↑ The Guardian (review)
- ↑ Pitchfork Media review
- ↑ [1]
- ↑ Rolling Stone review, arkivert frå originalen 8. desember 2017, henta 25. juli 2021
- ↑ Bryan Ferry Offisiell nettstad (Avonmore)
- ↑ Bryan Ferry på Later... with Jools Holland. BBC Television. (7. november 2014)
- ↑ YouTube (Bryan Ferry - «Loop De Li")
- ↑ Allmusic review
- ↑ [2]
- ↑ Pitchfork Media review
- ↑ «Avonmore Deluxe Edition». Roxy Music. Henta 26. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry – Avonmore". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
- ↑ "Offiziellecharts.de – Bryan Ferry – Avonmore" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 26. juli 2021.
- ↑ «Artisti - Classifica settimanale WK 47 (dal 17-11-2014 al 23-11-2014)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 26. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry – Avonmore". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 26. juli 2021.